Veit du kva du snakkar om?

Kristin Fridtun
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sant å seia er ord som munn, gamal, veg og katt minst like staselege og avanserte som dei vidgjetne låneorda demokrati og litteratur − berre me ser godt etter. Men det gjer me sjeldan, just fordi orda er vanlege; me har vant oss til dei og er fylgjeleg vane med at dei sviv ikring oss i munnleg og skriftleg form. Dessutan er munn og gamal og slikt heimlege ord. Dei er lettskjønlege og nedervde kvardagsord for folk flest, ikkje høgtidsfylte omgrep som greske filosofar og romerske keisarar prydde tekstene sine med.

Eg seier berre: Borte bra, heime best.

Dei heimlege kvardagsorda våre er beint ut sagt trivelege hardhausar. Dei er trivelege fordi dei er lette å bruka og fordi dei ikkje er opptekne av å gjera mykje av seg; dei gjer det dei skal og lèt det vera med det. Dei er hardhausar fordi dei har halde ut å vera i bruk dagleg i over tusen år, og fordi dei er so tøyelege og bøyelege at me kan nytta dei på ei rad ulike måtar. Men korleis brukar me desse vanlege orda, eigentleg?

I den nyst utkomne boka Norsk etymologisk oppkok tek eg føre meg nærmare hundre av kvardagsorda våre og prøver å koma under huda på dei. Me skulle radt tru at det var ei krevjande øving, men det er det i grunnen ikkje, for orda har ikkje noko imot at me bryt og bender og endevender dei. Dei toler ein spøk!

Difor freistar eg å riva desse slitesterke orda ut or dei faste seiemåtane og samanhengane dei elles står i; eg vil sleppa dei fri frå vanen og finna ut kva dei eigentleg driv med. Eller rettare sagt: kva me driv med. Korleis kan me seia at ei kake «fekk føter å gå på»? Er det ikkje veldig tungvint og klinete å «snakka i munnen på kvarandre»? Kva tyder ordet sysken? Og er det reine slumpen at me gaper når me seier gap?

Vel, som kjent er det ofte betre å visa med døme enn å greia ut i det vide og det breie. Her skal de få ein smak av Norsk etymologisk oppkok.

Dei gamle er eldst
Me gløymer mangt og mykje med alderen, og sume prøver endåtil å gløyma at me aldrast. Den vidgjetne «eldrebylgja» er rett rundt svingen, og dei lærde stridest om korleis me skal koma heilskinna frå henne. Men er det ikkje betre å hiva seg uti og lauga seg i denne floda av røynsle og visdom? Og kor gamal må du vera før du vert eldre?

I dag er det gjævt å vera ung og spretten og på farten støtt. Helst skal du vera ung heile livet. Å vera gamal er vel berre keitt og leitt? Dei gamle ordtaka (dei er radt avleggse, dei òg) tyder på noko anna. «Hav dei gamle til råd, og dei unge til hjelp», seier ordtaket, og «dei gamle skal ein æra, dei unge skal ein læra». I dag er olding (norr. öldungr), som før var eit heidersord (‘gjæv mann’), nesten vorte eit spitord (‘utgamal gubbe’).

Same kva: Gamal er eit ord me ikkje greier oss utan. Me nyttar det om folk og andre skapnader som har levt eller gjort noko lenge, om saker som har funnest eller vore i bruk lenge, om stader som har vore til lenge. Kva me reknar som lenge, skifter alt etter samanhengen. Du kan ha «gamle vener» jamvel om både du og dei er ynglingar, og «gamal mat» treng ikkje vera meir enn eit par dagar gamal. Men når kan me seia at folk er gamle?

I grunnen er me gamle heile livet, for me kan fint seia slikt som at «ho er ein dag gamal». Ungar i den rette alderen kan finna på å svara «eg er ikkje gamal, eg er ung!» når nokon spør kor gamle dei er, men me andre finn oss i å vera gamle støtt. Eller gjer me det? På frisisk og nederlandsk har ordet gammel tydinga ‘skrøpeleg’, eller til og med ‘falleferdig’. Me ville aldri sagt at ho gamlemor var falleferdig, men det er vel gjerne slik at gamalt folk har lett for å falla?

Jamvel om dei held seg på beina, har dei gamle for vane å liksom søkja mot bakken. I norrøn tid nytta dei ofte hniginn (partisipp av hníga ‘bøya seg, siga’) i tydinga ‘gamal’, og gubbe har truleg noko med guv (‘nedsokken’) å gjera. Ordlag som «ein gamal krok» har vel òg noko for seg. Me søkk i hop med alderen.

Elles ser me lett at alder, eldre og elde (og old) er nærskylde ord. Dei kjem av verbet ala, og dei har mest same forma i alle dei germanske måla. Det undersame er at me stundom nyttar komparativforma eldre som substantiv: «omsorg for eldre». Sume talar jamvel om å «vera ein eldre». Det er elles likt til at eldre er eit «finare» ord enn gamal; eldre tyder liksom ‘litt gamal’. Men eldre tyder då visseleg ‘meir gamal’? Kor som er: Dei gamle er eldst.

Les bloggposten hennar i Samlagsbloggen!

La Kristin Fridtun syna deg dei viktigaste endringane i rettskrivingsreforma!