Seks av ti skuldar på regjeringa

 59 prosent meiner at bustadpolitikken til regjeringa bidreg til at det blir for vanskeleg for unge å etablere seg i bustadmarknaden.

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I Noreg har vi hatt ein sterk folkevekst dei siste åra. Saman med ei solid utvikling i økonomien til hushalda og tilgjenge til rimeleg kreditt er det vorte eit stort press i bustadmarknaden. Det har bidrege til auka bustadprisar. Det har òg vore stort fokus i media på for låg bustadbygging. Desse tilhøva til saman bidreg kan hende til denne oppfattinga, seier statssekretær Dag-Henrik Sandbakken i Kommunal- og regionaldepartementet til Dine Penger

Les òg: Arbeidarpartiet vil ha fleire studentbustadar

Sterkt mediefokus
Forbrukarøkonom i DNB Silje Sandmæl meiner det sterke mediefokuset på manglande bustadutbygging og det innskjerpa kravet til eigenkapital har gjort folk meir misnøgde. 

– Eg trur nok det er ein kombinasjon av at det blir bygd for få bustader, og at 15.000 studentar står i bustadkø. Dette merkar folk, og det blir skrive om det. Bustadbygginga må kome opp i eit raskare tempo. Når det er så heitt i bustadmarknaden som no, bør ein kaste litt vann på det, seier Sandmæl. 

Les òg: 15 000 studentar i bustadkø