Folk som går på teater eller kunstutstilling er både meir samfunnsengasjerte og mindre eigennyttige, syner ny forsking.

Det vert forska på så mangt, og no har amerikanske forskarar òg forska på samanhengen mellom interesse for kunst, og bidrag til samfunnet. Konklusjonen deira er klar: Folk som er interessert i kunst bidreg meir til samfunnet enn andre.

Dette kjem fram i ei pressemelding frå det amerikanske University of Illinois-Chicago.

Kulturinteresse viktigare enn utdanning
For folk som likar å oppleve kunst, til dømes gjennom å gå på konsert, i teater eller på utstilling, er dessutan jamt over meir altruistiske enn dei som ikkje bryr seg om kunst. Liker du kunst er det større sjanse for at du både vil  gje blod, donere pengar eller gjere naboen din ei teneste.

Dette fann forskarar ved amerikanske University of Illionois-Chicago. Det mest overraskande med funna deira er at resultata haldt, sjølv når ein justerte for faktorar som utdanning, klassebakgrunn og etnisitet. Frå før veit ein folk med høg utdanning er hovudforbrukarane av kultur, så ein kunne lett tru at det var utdanninga, og ikkje kulturbruken, som var utslagsgjevande for samfunnsinteressa.

Men dette avkreftar den amerikanske forskarane: Kulturinteresse er ein viktigare faktor enn utdanning.

LES OGSÅ: Beste kulturregion etter Oslo

Sats på kultur!
Studien vert kanskje ekstra viktig i eit land som USA, der svært mykje av organisasjonslivet er avhengig av privat initiativ, donering av pengar og arbeidskraft. Kelly LeRoux, ein av forskarane bak studien, meiner at studiane gjev eit viktig signal til politikarar:

– Om politikarar er uroa for nedgongen i samfunnsdeltaking bør dei ikkje sjå bort i frå kunst og kultur som verktøy for å fremje samfunnsengasjement, seier ho i pressemeldinga frå UIC.

LES OGSÅ: Vil lage multinorsk teater

Kunst og samfunnsengasjement heng teitt saman
Det er fleire aspekt ved den nye undersøkinga som rimar godt for Bjørn Rasmussen, professor ved Institutt for kunst- og medievitskap ved NTNU.

– Kunst er i seg sjølv eit språkleg uttrykk for livsengasjement, og kunsten er ein arena for å uttrykke og bearbeide livets tema, ofte på ein “annan”, kritisk, nyansert eller kontroversiell måte enn det som er mogleg i kvardagen, seier han.

Han peiker vidare på samanhengane mellom endringar i estetikken og endringar i samfunnet:

– Kunstformer blir normalt følgt av eit kritisk samfunnsengasjement. At folk som skaper og opplever kunst også ofte er samfunnsengasjert verkar derfor sjølvsagt. Likeeins at toleranse og mangetydigheit er ein sjølvsagt konsekvens av variert kulturell engasjement, input og kompetanse.

LES OGSÅ: Bli redd eller døy?

Omveltingar i samfunn påverkar kunsten
Som eit døme trekk han fram modernismen, ein idehistorisk epoke der store samfunnsendringar og store endringar i kunsten følgde kvarandre teitt.

Ein som har skildra dette er Marshall Berman, amerikansk filosof og marxistisk tenkjar. I boka “All that is Solid Melts into Air” (alt som er fast løysast til luft) utforskar han samanhengen mellom samfunnsendringar, framveksten av kommunismen og modernisme i litteraturen.

Han finn at dei radikale samfunnsendringane i perioden gjev folk ei kjensle av at livet mist sine vante rammer, og at denne kjensle igjen pregar både innhaldet og forma til kunsten

LES OGSÅ: Er det difor danskane er lukkelegare?

Forskingsfremjande forskingsresultat
Likevel vil Bjørn Rasmussen avvente litt før han hoppar i taket over dei nye, amerikanske funna.

Trass i at banda mellom kulturinteresse og samfunnsengasjement er sjølvsagt for han, er han litt usikker på om kulturinteresserte folk verkeleg er meir altruistiske:

– At kulturinteresserte folk òg er meir ueigennyttige verker meir overraskande, og ut i frå artikkelen på Science Daily er det vanskeleg å sjekke validiteten i dette, seier han.

Han meiner resultata til studien “i beste fall er kjærkomen dokumentasjon av noko kunstnarar og kunstpedagogar lenge har anteke, men ikkje prova”, men peikars samstundes på at formidlarar av forsking òg kan ha andre motiv enn å formidle sanninga:

– Sånne forskingsformidlingsartiklar har ofte ein tendens til å vere forskingslegitimerande highlights, og jo mindre forskingsmessig nyansering og sjølvrefleksivitet, jo sterkare mistanke om forserte og sjølbekreftande fortolkingar.

LES OGSÅ: Ivrigast på kultur i Europa

Kva trur du? Blir ein meir interesserte i andre menneske av kulturopplevingar?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE