Stryk etter tøft påbyggingsår

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire stryk med påbygging

For vidaregåande utdanning under eitt gjekk delen som fullførte frå 70,8 prosent i 2010 til 70,5 prosent i 2011. Utdanningsdirektoratet opplyser til NTB at utan elevane som tek påbyggingsår, ville kurva gått oppover.

Påbyggingsår er eit alternativ for dei som har stroke i fag tidlegare i den vidaregåande opplæringa, yrkesfagleg eller studieretta, eller for elevar som kjem frå yrkesfag og ønskjer å få studiekompetanse. Kunnskapsministeren ropar varsku og åtvarar mot å tru at påbyggingsåret er ein lettvint måte å få studiekompetanse på.

– Påbyggingsåret er det tøffaste året som finst i vidaregåande opplæring, slår kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) fast overfor NTB.

Blant desse elevane har strykprosenten auka i takt med at stadig fleire tek dette året. På berre fire år har påbyggingselevane auka frå 9.044 til 13.176. I 2011 utgjorde dei nesten 30 prosent av elevane som prøvde å få studiekompetanse. Berre 55 prosent klarte det.

– Eg vil gje klar beskjed til fylka: Dei kan ikkje sluse masse elevar inn i påbyggingsåret og tru at det går bra. Eg fryktar at rådgjevarar på ungdomsskulen seier til elevar at dei bør begynne på yrkesretta utdanning og berre hoppe over på påbyggingsåret dersom dei ombestemmer seg og vil ha studiekompetanse. Det er mykje vanskelegare enn mange er klar over, seier Halvorsen. (©NPK)