Her er ditt sverd

Engasjementet har aldri vore større eller viktigare, men to av hovudpersonane i filmen «Til ungdommen» vil framleis kjempe innanfor systemet. 

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdomane hadde vorte følgt av kamera i to år; på talarstolen, i politiske møte og på fritida. Så vart filmrullen snudd på hovudet og fletta inn i ei grusam hending. 

Etter 22. juli i fjor trudde både Johanne Butenschøn Lindheim og Henrik Wangberg at dokumentaren dei var ein del av skulle bli avlyst. No er «Til ungdomen» premiereklar, og dei to studentane er meir politisk engasjert enn nokon gong. 

AUFaren Lindheim har byrja som samfunnsøkonomistudent medan Wangberg frå Fremskrittspartiets Ungdom har teke fatt på økonomi og administrasjon ved Høgskulen i Oslo og Akershus. Kvardagen er attende, men engasjementet blir aldri som før. 

– Vi representerer ulike delar av det politiske spektret. Mange kan identifisere seg med fleire av oss. Filmen handlar om veldig mykje meir enn 22. juli, han handlar om engasjement, fortel Lindheim. 

Å velje politikk
Filmen handlar om å gå inn i politikken, om å ville endre noko, om å engasjere seg. 

– Som ung prøvar ein å finne noko ein passar inn i. Vi som har vald å gå inn i eit politisk parti freistar å forme oss sjølve og å forandre noko som er større enn oss sjølve, fortel Lindheim. 

– Vi har vorte rive ut av kvar vår individuelle boble, og fleire ser eit ansvar for å bidra. I kvardagen handlar det mest om deg og ditt, plutseleg er det noko som bind oss saman i ein større samanheng, held ho fram.  

Bakkekontakt
Politikken i Noreg har vorte meir institusjonalisert. Han har gått frå plassen kor ein talar til folket til profesjonelle og lukka forum. Studentaktivisme og ungdomsparti er med på å nyansere biletet, meiner Johanne. 

– Det er langt til politikken. Det er nett difor grasrotaktiviteten er så viktig, at ikkje alt forsvinn inn i dei store romma. Sjølv politikarane er avhengig av kanalar ned til bakkenivået. Her står vi unge sentralt, seier ho. 

Lindheim er oppteken av kva som er verknadsfullt, og ser studia som ein døropnar for å engasjere seg. 

– Studentaktivisme er kjempeviktig, i det store og i det små. At ein vil gjere noko med noko, når ein kan, er lærerikt og klargjerande, meiner ho. 

Kastar steinar i glashus
Når topplausdemonstrantene i Ukraina jobbar for å leve eit friare liv er det ein tankevekkjar for norske opprørarar, meiner Wangberg. 

– Protestaktivisme kan ha humor, men blir ofte litt useriøst i eit land som Noreg. I andre land finst det unge som har eit genuint behov for å ta i bruk slike verkemiddel for å få til forandringar. I Noreg har vi høve til å nå fram, det er ingen sensur, seier han. 

Lindheim er samd, og støttar ikkje vilkårlig steinkasting eller øydeleggjing. Ho har over lengre tid vore engasjert i Palestinakonflikta, men stilte seg skeptisk til dei verkemidla som vart brukt under Israel/Palestina-demonstrasjonane i Oslo for nokre år sidan. 

– Blitz kunne mykje lettare hatt ein påverknad gjennom andre kanalar som er til glede for fleire enn dei sjølv. Lær deg spelereglane, så treng du ikkje knuse ruter, seier ho.

Les saka i Universitas!