Vel PC-moro framfor undervisning
Mange norske ungdommar vel bort undervisninga til læraren og fyller i staden skulekvardagen med PC-underhaldning.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det går fram av ein studie som er gjort ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking ved Universitetet i Oslo.
Ifølgje Dagsavisen er det regelen heller enn unntaket at elevane i vidaregåande skule har PC-en framfor seg på pulten medan læraren driv fellesundervisning. Elevane bestemmer sjølv korleis og når PC-en skal brukast, og har full fridom til å gjere andre ting medan læraren underviser, blant anna lesing av nettaviser, bloggar, Facebook og nettspel.
Ifølgje undersøkinga ser elevane ofte på undervisninga som unødvendig. Dei meiner dei ikkje treng å følgje med i timen, fordi dei veit at dei kan finne undervisningsopplegget til læraren, for eksempel som ein Power Point-presentasjon, på den digitale plattforma til skulen seinare.
– I staden for å følgje med vel elevane ofte heller å lære seg det dei må rett før ein prøve eller sjekke kva som står i presentasjonen til læraren når dei skal løyse ei konkret oppgåve, seier forskar Marte Blikstad-Balas til avisa.
Ho fortel at det varierer frå lærar til lærar om PC-bruken til elevane blir stoppa, men ho ser av materialet sitt at elevane stort sett bestemmer sjølv kva dei vil bruke tida på.
– Det hender ofte at heile skuletida går med til spel, fortel ho og understrekar at elevane likevel klarer seg bra.
Ho meiner PC-en ofte ikkje blir integrert i undervisninga. Dersom han ikkje er med i læringsaktivitetar med eit klart læringsføremål, bør han heller liggje avslått i sekken, seier forskaren. (©NPK)
Kva reglar bør ein ha for bruk av pc i klasserommet? Og korleis bør dei best handhevast?