Stolt av heimbygda på nett

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gudbrandsdølen Dagningen skreiv i sommar at fleire og fleire bygder og byar får eigne sider på Facebook kor typiske kjenneteikn for den einskilde staden vert dyrka. Sidene heiter gjerne ” Du veit du er frå.. ”. Avisa omtalar gruppene som ein ny trend i sosiale media.

Stadene som har ei slik side på Facebook er mellom anna Larvik, Rykkin, Øyer, Stange,Heimdal,og Florø.

Kjempar om merksemd
Landslaget for Lokalaviser (LLA) meiner desse Facebook-gruppene og anna lokalpatriotisk aktivitet i sosiale media kan vere ein utfordrar for lokalavisene.

– Sosiale media kan verte ein konkurrent særleg når det gjeld personaliastoffet som tidlegare var viktig i lokalavisene, seier generalsekretær Rune Hetland i LLA.

LES OGSÅ: Kåra til Europas beste lokalavis

Snakkar eit eige språk
Florø si gruppe er blant dei største av denne typen, med nær 4000 medlemmar. Ein av dei som er medlem der er NRK-journalist Simon F. Solheim. Han kjem frå Florø, men bur i Oslo og jobbar no i Dagsrevyen. Han vart med i gruppa fordi han er stolt av heimbyen sin.

– Det handlar om patriotisme. Vi florøværingar er ganske høge på oss sjølve og vi er opptekne av vårt eige og byen vår. Som utflytta florøborgar er det litt artig å følgje med på Facebook-sida, for det dukkar ofte opp morosame innlegg som berre florøfolk forstår, seier Solheim.

– Korleis påverkar ei slik gruppe synet ditt på heimstaden din?

– Av og til dukkar det opp innlegg som får ein til å tenkje på barndommen. Nokre innlegg får meg til å tenkje på kor fantastisk det var å vekse opp i ein by som Florø. Eg får ofte heimlengsel.

Hand i hand
Sjølv om populariteten til slike grupper aukar og ein får vite mykje om heimstaden utan å lese avisa, må ikkje det bety nedgang for lokalavisene.

– Lokalavisene nytter og kan nytte sosiale media til å marknadsføre avisa og sakene og ein kan få til raske debattar. Kanskje kan lokalaviser utvikle seg og verte betre på undersøkjande journalistikk, som ikkje finst i sosiale media, seier Hetland.

I åtte av dei siste ti åra har lokalavisene her i landet hatt ei auke i opplaget. I 2011 var det derimot ein liten nedgang i lokalaviser på papir. Hetland seier det aldri har vore så mange konkurrentar som no, og syner til mellom anna lokalavisenes eigne nettstader, dagsaviser og sosiale media.

LES OGSÅ: Eldsjeler viktigast for vekst

Trufaste lesarar
Han understrekar at fokus på innhald og kvalitet er det som er viktig for å halde på lesarar.

Solheim er blant dei som framleis er trufast overfor lokalavisene, i kombinasjon med å oppsøke informasjon i sosiale media. Han les Firdaposten og Firda kvar dag.

– Sjølv om eg har vorte bonde i byen, likar eg å halde meg oppdatert på kva som skjer heime.