Salet av sterkøl har auka med over 50 prosent så langt i år, og no seier heile 28 prosent at dei er positive.  

mm

– Den auka interessa for mangfaldet av øl kan vi ikkje minst takke dei mange norske mikrobryggeria for, seier direktør Petter Nome i Bryggeriforeningen. Talet på små bryggeri har auka kraftig dei siste åra. 

Pils er enno favorittølet til nordmenn, og i over ni av ti ølglas er det pils. Men alt tyder på at folk er i ferd med å få augo opp for øl med andre smakar, slik som ulike typar mørkt og sterkt øl frå små og store bryggeri. 
Det meste av det såkalla nisjeølet er sterkøl som berre blir selt på Vinmonopolet, men òg daglegvarehandelen har etter kvart fått eit stort utval nye øltyper. 

Pol og butikk 
I årets sju første månader vart det selt 722 000 liter sterkøl, ei auke på heile 52 prosent samanlikna med same periode i fjor. Og i fjor var det òg ei kraftig auke frå 2010. 

– Vi ser den same utviklinga i heile Europa, i Australia og USA. Trenda har kome mykje lengre i andre land, og alt tyder på at ho berre vil vekse seg sterkare i Noreg. Mange bryggeri utviklar heilt nye øltyper, hentar fram gamle norske tradisjonar eller blir inspirert av internasjonale klassikarar som ale, stout, port og kveiteøl, seier Nome. 

Dei største norske bryggeria produserer òg sterkøl, men så langt er det sterk pilsneren og juleøl som har dominert. Det tradisjonsrike bokkølet er likevel i ferd med å gjere renessanse. 

– Det er òg interessant å sjå at eit tidlegare utrydningstrua, mørkt øl som Bayer auke i popularitet att, og denne øltypen blir no selt i nesten alle daglegvarebutikkar her i landet, seier Nome. 

Vona hans er at det skal bli like populært å vere ølkjennar som vinkjennar. 

– Det er minst like spennande å smake og bedømme ein ny øltype frå eit norsk bryggeri som å teste ein ny beaujolais frå Frankrike. 

Òg kvinner 
Ein spørreundersøking stadfestar den auka interessa for andre øltypar enn lys pils. 

73 prosent skildrar ølet frå norske mikrobryggeri som herleg, syner ei undersøking YouGov har gjort for Bryggeriforeningen. 

Men meiningane er delte. 24 prosent synest smaken er litt for krevjande, og to prosent synest slikt øl smakar fælt. 

– Nordmenn har vorte så van med pils at mange treng litt tid på å venne seg til andre typar øl. Men stadig fleire synst tydelegvis det er verd å teste nye smakar. 

Det er langt frå berre godt vaksne menn som er glad i dei nye øltypane. 

– Undersøkinga viser at nisjeølet er mest populært i aldersgruppa 18 til 34 år. Kvar tredje under 34 år svarar i undersøkinga at dei jamnleg drikk andre typar øl enn pils. 

Blant dei over 55 år er talet 20 prosent. 

– Ikkje uventa er det mange fleire menn enn kvinner, dobbelt så mange, som drikk anna enn pils. Men når det gjeld bedømming av smaken på øl frå mikrobryggeri, er kvinner nesten like positive som menn. Fleire enn sju av ti, av både kvinner og menn, er svært begeistra for slikt øl. 

Salet av butikkøl, i hovudsak pils, ligg omtrent på same nivå som i 2011. To dårlege sommarar på rad har gått hardt ut over ølsalet. Julisalet i år var rett nok 5,5 prosent høgare enn juli 2011, men salet fall kraftig den første tida etter 22. juli i fjor. 

Kjelde: Newswire.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

LES OGSÅ

ANNONSE