Dårleg økonomi gjev dårleg helse

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange barn i Noreg veks opp i fattige familiar. I 2005–2007 var omlag 70.000 barn i familiar med varig låg inntekt. Ein ny rapport frå Norsk institutt for oppvekst, velferd og aldring viser at dårlegare familieøkonomi kan gi ungdom dårlegare helse.

– Viss det er slik at familieøkonomien spelar ein sjølvstendig rolle for helseplagene til ungdom, vil det ha betydeleg sosialpolitisk interesse, skriv Jon Ivar Elstad og Axel West Pedersen i rapporten.

Dårleg økonomi gjennom tenåra gjev dårlegare helse
Analysane deira syner ein tendens til at ungdomar frå 16 til 18 år som bur i familiar med dårleg økonomi, rapporterer fleire subjektive helseplager enn unge i familiar med betre økonomisk situasjon, både når familieøkonomien vert måla med inntekt og med formue.

Endringane i subjektive helseplagar fra 2003 til 2009 syner det same. Statistiske analyser syner då at ein dårleg familieøkonomi gjennom tenåra heng saman med ei større auke i subjektive helseplagar enn vanleg i denne fasen av livet.

Les òg: Kan bli heilt frisk

Det er òg tydeleg at effekta av dårlegare økonomi er sterkare for jenter enn for gutar.

Les òg: Stadig yngre barn opplever press

Ser på subjektive helseplager
I Noreg er alvorlege somatiske sjukdomar relativt uvanleg hjå barn og unge, men mange har likevel helseproblem av ulik art, som psykiske vanskar, eteforstyrringar og og meir diffuse symptom og smerter.

Når helseforskarar studerer ungdommar, er det difor vanleg å leggje stor vekt på å kartleggje subjektive helseplager som hovudverk, vondt i magen og dårleg humør.

Forskarane har brukt data fra NOVA-prosjektet «Barns levekår – betydningen av familiens økonomi for barns hverdag».