Studiestart på Det Multinorske

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi får vere med på å utvikle norsk teater mot eit mangfald. Eg trur andre teater snart vil gjere det same, seier Sara Khorami, ei av dei fire heldige ved Noregs første teaterutdanning for nordmenn med fleirkulturell bakgrunn.

– Eg trur dette vil vere ein døropnar for publikum også, legg Judy Nyambura Karanja til. I tillegg til desse to, kom Kadir Talabani og Thomas Bipin Olsen gjennom nålauget ved opptaksprøvene i vår.

Første studiedag står mellom anna rørsle, karakterstudium og besøk av kulturminister Anniken Huitfeldt på programmet.

Dei fire studentane har svært ulike bakgrunnar. Ein har budd på barneheim i India til han var seks år gammal, ein er fødd i Kenya og kom til Noreg i lag med foreldre som var politiske flyktningar. Ein er fødd og oppvaksen i Bærum hos foreldre som var iranske flyktningar, og ein har levd på flukt i Irak heilt til han som 13-åring kom til Noreg.

Å utdanne desse fire til skodespelarar er teatersjef Erik Ulfsby sin måte å få teatret til å spegle det Noreg vi lever i i dag. Studentane ved Det Multinorske vil gå tre år på teaterutdanninga ved Det Norske Teatret – det fjerde året blir eit reint praksisår der studentane vil gå inn som ein del av ensemblet ved teatret. Utdanninga er eit samarbeid med Høgskolen i Nord-Trøndelag.