– Løftebrot frå regjeringa

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studiestøtta som forsvann
Trass i at alle dei tre regjeringspartia gjekk til val på å arbeide for å utvide studiestøtta til 11 månadar, blei dette droppa i regjeringsforhandlingane. Løftebrot, meiner Norsk studentorganisasjon. Prioritering, seier Marianne Aasen i Arbeidarpartiet.

Når det hausten 2009 blei klart at den raud-grøne regjeringa fekk halde fram, var det kanskje mange studentar som jubla: Alle tre regjeringspartia (Sv, Sp og Ap) hadde nemleg vedteke på landsmøta sine same året å arbeide for å utvide studielånet til 11 månadar.

Dermed blei det fleirtal på Stortinget for 11 månadar. Men studentar som trudde dei kunne juble over auka studiestøtte blei kjapt skuffa då Soria Moria II, regjeringserklæring til den andre raudgrøne regjeringa, blei lansert.

For plutseleg sto det ingenting om 11 månadars studiestøtte, ei sak alle partia hadde vore for før valet. Tre år etter får studentane framleis berre studiestøtte i 10 månadar.

LES ÒG: Studentane fattigare enn før

Prioriteringar, seier AP
Men kvifor blei det sånn? Marianne Aasen er stortingspolitikar og utdanningspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, det største av dei tre regjeringspartia. Ho forklarar studiestøtta som forsvann med behovet for å prioritere.

– 11 månadars studiestøtte blei vurdert som mindre viktig enn utbygging av studentbustader. Dette er snakk om prioritertingar: Skulle vi auka studiestøtta ville vi gjerne ikkje nådd målet om 1 prosent av statsbudsjettet til forskning, og vi hadde ikkje klart å bygje så mange studentbustader, seier ho.

Kan ikkje skulde på prioriteringar
Øyvind Berdal er ikkje nådig i karakteriseringa av regjeringspartia:

– NSO meiner dette er brotne løfter frå regjeringspartia si side. For oss handlar dette om moglegheita til å studere på heiltid, seier Berdal, som er leiaren i Norsk studentorganisasjon.

Han får støtte frå Markus Weierlund, politisk rådgjevar i Unge Høgre.

Dette er et klart løftebrot. Når alle partia gjekk til val på at dei ville innføre det fører dei veljarane bak lyset ved ikkje å gjere noko som helst med det.

Han meiner vidare det ikkje held å skulde på prioriteringar.     

Regjeringa kan ikkje springe bort frå alle løftene dei har brote ved å skulde på prioriteringar. Regjeringa har reint fleirtal på Stortinget, og når alle tre går til val på å gjennomføre 11 månadars studiestøtte er det eit løftebrot når dei vel å ikke gjere noko med det.  

LES ÒG: Sextrakassert på bustadjakt

Ei studiestøtte til å leve av
11 månadars studiestøtte er del av den gjeve draumen om heilttidsstudenten. Krava frå studentorganisjonane kom i etterkant av Kvalitetsreforma, som utvida semestrane til studentane frå 10 til 11 månadar.

Det er for å realisere heilttidsstudenten at Øyvind Berdal i Norsk studentorganisasjon er oppteken av auka studiestøtte.

Studiestøtta må aukast til eit nivå det går an å leve av. Situasjonen i dag tvingar studentar til å arbeide deltid, og ha støtte heimefrå for å finansiere sin studiekvardag. Dette handlar om  studiekvalitet og lik rett til utdanning, meiner han.

Marianne Aasen er òg oppteken av heilttidsstudenten, og skjønar godt at studentane vil ha meir å rutte med.

– Denne regjeringa har prisjustert studiestøtta, i motsetnad til den førre, men fordi utgiftene til bustad har auka så kraftig gjev det dessverre større utslag. Særskilt i dei store universitetsbyane gjev dette stort utslag. Vi har òg auka takten på bygginga av nye studentbustader, men fordi studenttalet også aukar, vert endringa i dekninga liten.

Likevel held ho fast ved at det er rett å prioritere bygging av studentbustadar, som ho meiner er svært viktig for studentøkonomien, ettersom utgiftene til bustad er hovudutgifta til mange studentar.

LES ÒG: 15.000 studentar i bustadkø

Siste sjans for utvida studiestøtte
Denne hausten er siste gong regjeringa har sjans til å få igjennom 11 månadars studiestøtte. Statsrådane og departementa er no i innspurten av budsjettarbeidet, og både frå Kunnskapsdepartementet og Kristin Halvorsen er det heilt stille.

Dette er eit budsjettsak, og derfor kan vi ikkje kommentere dette no, skriv dei i epost til Framtida.

Her kan du sjå Bård Vegard Solhjell love 11 månadars studiestøtte i 2009: