Sånn får du sitje i fred

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nett dette har Esther Kim forska. Ho har nemlig studert kva strategiar folk tek i bruk for å unngå andre på bussreiser. Og som ein del av dette har ho altså sett på kva folk gjer for å få ha eit dobbeltsete for seg sjølv.

Kim arbeider ved det amerikanske universitetet Yale, og har nytta Greyhoundbussane som utgangspunkt for studien. Greyhoundbussane er langdistansebussar, og i løpet av tre år sat ho i timesvis på bussane for å finne alle dei uskrivne reglane som finst, og alle teikna som er involvert i det non-verbale språket som regjerer på bussen.

Det var amerikanske Science Daily som først skreiv om studien til Kim, og etterpå har òg Forskning.no skrive om saka.

LES OGSÅ: Danske lukkepiller på toget og bussen

Finn ditt eige sete
Den viktigaste uskrivne regelen Kim fann var at ein aldri skal setje seg ved sida av noko, dersom eit anna dobbeltsete er ledig.

– Det får deg til å sjå rar ut, seier Kim.

Men kva er det folk var så redde for? Kim fortel at korkje kjønn, rase eller hadde noko å seie. Folk ville rett og slett unngå galningar, eller “crazy persons”.

LES OGSÅ: Grønare med førarlause bilar

Dette gjer folk for å få sitje i fred:
Forskaren isolerte sju forskjellige teikn folk nyttar for å seie i frå om at setedeling er uønska.

  • Unngår augekontakt med andre passasjerar.
  • Lener seg mot vindauget og strekker ut beina.
  • Set ein stor sekk/veske på sitjeplassen ved sida si.
  • Sit nærast midtgangen, skrur på musikkspelaren, og lét som dei ikkje høyrer folk spørje om sitjeplassen ved vindauge.
  • Plasserer fleire ting på nabosetet så andre ikkje gidd vente på at dei flyttar dei.
  • Glor ut vindauget med eit tomt, sprøtt blikk.
  • Lét som om dei søv.
  • Legg jakka i sitjeplassen ved sidan av så det ser ut som om det er oppteke.

Og om ikkje dette funkar så vil enkelte gå til det skritt å lyge om at det allereie sit nokon på stijeplassen ved sida av, seier Kim.

LES OGSÅ: Her får russen gratis buss

Alle vil sitje i fred, men viktigare at alle får plass
Lista over utgjer dei vanlegaste strategiane. Det er likevel ikkje det einaste folk gjer for å unngå sosial interaksjon.

– Vi gjer alt mogleg rart for å unngå andre. Vi lèt som om vi er veldig opptekne, sjekkar mobilen, leitar i vesker, ser forbi folk eller liksom-søv. Nokon tek òg på seg ikkje forstyrr meg-ansiktet, eller stirer på ein fiendtleg måte, seier Kim.

Eit interessant resultat Kim kom fram til, er at alle denne åtferda sluttar om passasjerane får vite at bussen kjem til å bli full, og at alle seta vil bli trengt. Veit folk at dei dele, aksepterer dei det. Og då endrar dei åtferd: Frå å freiste å få dobbeltsetet for seg sjølv, freistar dei då å tiltrekke seg ein vanleg person som sidemann, avsluttar ho.

Kjenner du deg igjen? Har du sett nokre av desse teikna på bussreiser, eller kanskje gjort dei sjølv?