I Sverige er HPV-vaksine gratis for alle jenter opp til 18 år. Slik burde det vere i Noreg òg, meiner Kreftforeininga. Dei meiner ein òg bør vurdere å gi vaksinen til alle gutar.

Sidan 2009 har alle norske 12-åringar fått tilbod om gratis HPV-vaksine. Kring 70 prosent nyttar seg av tilbodet, meldte NTB tidlegare i veka. I Sverige er vaksineringa langt meir utbreitt blant eldre jenter.

Vaksinen vernar mot dei typane av HPV som står bak minst 70 prosent av tilfella av livmorhalskreft.

LES OGSÅ: Fleire og fleire tek kreftvaksine

Ber om gratis vaksine
– Vi synest det er på høg tid at jenter òg i Noreg får det same tilbodet som i Sverige, at det er gratis vaksine for jenter opp til 18 år, seier Anne Lise Ryel, generalsekretær i Kreftforeininga.

I eit innspel til statsbudsjettet for 2013 ber foreininga om at «Jenter opp til 18 år må få tilbod om gratis HPV-vaksine og at det bør setjast i gong ein fagleg og samfunnsøkonomisk vurdering av å tilby gutar opp mot 18 år gratis HPV-vaksine».

Kreftformer som aukar
Ryel fortel at HPV ikkje berre forårsakar livmorhalskreft, men òg kreft i skjede og endetarm, i tillegg til kjønnsvorter hjå kvinner. Hjå menn kan ein HPV-infeksjon vere årsak til peniskreft, kreft i endetarmen og nokre typar øyre-, nase- og halskreft.

Dette er kreftformer som har auka dei siste åra. Ved å tilby vaksinen òg til gutar vil ein førebyggje tilfelle av desse kreftformene, og redusere risikoen for at jenter vert smitta.

LES OGSÅ: – Nonner bør ta p-piller

Spør om gutar
Kreftforeininga har bede Helse – og omsorgsdepartementet om å vurdere om òg gutar bør vaksinerast.

– Vi håper på ei rask avklaring, seier Ryel.

Helsedepartementet seier det førebels ikkje er aktuelt å tilby vaksinen til gutar.

– Vi er kjend med at det i seinare tid er publisert studie som syner at HPV-vaksinen òg har effekt på kreftformer som råkar menn, men at det førebels ikkje føreligg dokumentasjon på kostnadseffektiviteten ved å utvide det programmet vi har i dag ved å tilby vaksinen til gutar, seier statssekretær Ragnhild Mathisen.

Helsedepartementet avviser òg at det vil verte aktuelt å tilby vaksinen gratis for alle jenter opptil 18 år, fordi alle kull opp til 18 år vil ha fått tilbodet innan neste år gjennom vaksinering i 12-årsalderen.

LES OGSÅ: 17-åring bygde kunstig hjerne som finn brystkreft

75 dør årleg
Ifølgje tal frå Kreftforeininga dør årleg 75 kvinner av livmorhalskreft.

Sjå total oversikt over krefttilfelle i Noreg!

– På sikt meiner ein at kring 70 prosent av desse tilfella kunne vore unngått. HPV-vaksinen førebygger òg forstadium til kreft. Kring 3000 kvinner i året blir behandla for dette, med såkalla konisering. Dette inngrepet fører til auka risiko for seinabortar og for tidleg fødsel. Auka vaksinering vil redusere talet på koniseringar, seier Ryel.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

LES OGSÅ

ANNONSE