– Nonner bør ta p-piller

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Australske forskarar har undersøkt samanhengen mellom kreft og sexlivet til kvinner. Dei konkluderer med at kvinner som ikkje har sex i det heile, har mykje høgare risiko for å få kreft, og at denne veks med alderen.  

– I dag betalar dei 94.790 nonnene i verda ein frykteleg pris for å vera avhaldande, sidan dei har mykje høgare risiko for bryst-, livmor- og eggstokk-kreft, skriv forskarane i det kjende legetidsskriftet The Lancet.

Etter det den britiske avisa The Guardian fortel, vil ei nonne i syttiårsalderen ha dobbelt så høg risiko for å dø av brystkreft som ei kvinne som har vore seksuelt aktiv.

Forskarane meiner difor den katolske kyrkja vil redusera eggstokk-kreft og livmorkreft hos nonner mykje viss dei gjer p-pillar tilgjengelege for alle nonner. Dette er ikkje imot katolsk lære, denne seier klart at p-piller kan takast om det ikkje er for å hindre befrukting.

LES OGSÅ: Stakk ut augo med gaffel

Amerikanske nonner er kjend for å halde seg til løftet om fråhald frå seksuell samkvem, der til dømes amerikanske katolske prestar ikkje ser ut til å vere like flinke sidan fire gonger så mange av desse har aids enn folk flest.  Dei har og eit rykte på å vere særs uavhengige. Så vil dei følgje dette medisinske rådet?

Det er klart at det ikkje er noko openbar andeleg årsak til å auke sjansen til å bli kreftsjuk.

Ifølgje Søster Mary Ann Walsh frå den amerikanske samanslutninga av katolske biskopar kan nonner allereie i dag få p-piller viss det er avgjerande for helsa deira.