Lukka er å selje t-skjorte

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Medan publikum vaknar i teltet, spelar bingo, går på konsertar og kjøper ein pizza til middag, skjer det mange ting i kulissane. Sneipar vert plukka, foto publisert og scena rigga med nye instrument mellom konsertane. Vi har rusla vidare i kulissane på Bøgrend Autofest.

Kjempemoro
– Å selje t-skjorte her er verdas beste jobb. Det er kjempemoro, seier Øivind Schøyen frå Bergen. Han er ein av om lag 50 frivillige på Bøgrend Autofest. Øyvind fekk jobben via ein kamerat i festivalen, andre valde å jobbe frivillig på grunn av det sosiale eller dei skaffa seg jobben då festivalen vart utseld.

LES OGSÅ: Positive overraskingar

– Eg har arbeida i lag med så trivelige folk og det er ei vennleg stemning i heile festivalen. Noko som gjer det ekstra bra at vi vert teke godt vare på, til dømes med strålande innkvartering i eit eige hus, fortel Øyvind.

Med mekanikar skrive med raude bokstavar på ryggen – transporterar, riggar og ryddar dei frivillige. Om dei er med for fyrste eller tredje gong, skildrar dei frivilligjobben som kjempestas og midt i blinken.

LES OGSÅ: Lever av å lage dugnadsfest

Ostesmørbrød
– Nokre av dei beste stundene under sjølve festivalen, er å ete ostesmørbrød heime ved kjøkkenbordet når alt er slutt for dagen. Då deler vi rare historier og konkluderar med at det har vore ein bra dag, seier Anne Vesaas i staben.

Undersvegs set ho og pris på fyrverkeri av konsertar, at heile konseptet fungerar eller å danse til Balkan-hits.

– Når ein er på konsert å ser at dei på scena diggar å vera der og at publikum elskar å vera der, då er det fint å arrangere festival, held Anne fram.

LES OGSÅ: Eksplosiv sceneenergi

Alt dett på plass
Klarer vi dette? Det spørsmålet dukkar opp undervegs når ein skipar til festivalar – også på Bøgrend Autofest. Kanskje dei siste timane før dørene opnar, når publikum plutseleg sviv inn eller når det dukkar opp ein lekkasje i eit pissoar.

– Rett før festivalen startar, når dei frivillige kjem og vi lurar på kven dei er, er det spanande om alt kjem til å fungere, fortel arrangør Sigrid Vesaas. Ho meiner det er viktig å ikkje stresse, og at små og store utfordringar som regel ikkje er krise. Og så går det jo bra til slutt:

– På festivalen dett alt på plass, på eit eller anna mystisk vis, avsluttar Sigrid Vesaas.

SJEKK BILETSERIEN VÅR FRÅ BØGREND!

Festivalelektrikar Amund Søberg riggar undervegs i festivalen.