Positive overraskingar

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sinnsjukt bra, ein festival for meg, eit genialt konsept. Slik lyder kommentarane frå festivalpublikummet på Bøgrend Autofest. Der dei ruslar omkring i shortsar, ulljakke eller årets festival t-skjorte.

For Bøgrend Autofest er ein utseld favoritt hjå publikum. Det er mykje regn og endå meir sol, hengekøyer mellom bjørkene, mekanikarar, traktordekk, blomar, bingo, swingtakt og klining i krokane. Med ”White Foxes”, ”A Bar In Amsterdam” og ”Besvärjelse” som lydspor til dagane.

Møtestad
– Bøgrend Autofest er eit kjempegodt tilbod og ein viktig møtestad, seier ordførar i Vinje kommune, Arne Vinje. Han har vore med kvart år, og set pris på det sterke lokale engasjementet festivalen kvilar på.

– Eg trur den er ekstra viktig for aldersgruppa som tel på knappane på om dei skal flytte heim eller ikkje. Her er festivalen eit viktig tilknytingspunkt og slik kan den verke som eit positivt element med tanke på tilflytting, held han fram. Samstundes understrekar han at festivalen er like viktig for dei som bur i Vinje, og at festivalen er eit viktig supplement til det eksisterande kulturtilbodet i kommunen.

SJEKK BILETSERIEN VÅR FRÅ BØGREND AUTOFEST!

Musikkopplevingar
Men også musikkopplevingane er viktig for ordføraren. I år gleda han seg særleg til Katzenjammer, Susanne Sundfør og sambygdingen Odd Nordstoga.

– Eg gleda meg sjølvsagt til artistane eg hadde høyrt om tidligare, men noko av det eg likar best med festivalen, er alle dei positive overraskingane med ny musikk, seier Arne Vinje.

For det er nett det Bøgrend Autofest vil, å få folk til å kose seg med musikk dei aldri har høyrt tidligare. Som fleire dreg ordføraren fram Solo Cissohoko som gleda publikum med song og tonar frå ein 21-strengs kora. Andre oppdaga svensken Oscar Danielson med viser om kvardagselement, farsrolla og den store eller vesle kjærleiken. Eller dei høyrte Peter Berre & The Shake Set, og måtte berre danse swing og ein swing til, om dei fekk rom til det på betongen.

LES OGSÅ: Kva trend du for å lage festival?

Perfekt festival
– Dette er ein perfekt festival, særleg fordi det ikkje er så mange her, seier Linn Solheim og Hilde Brinchmann. Som drivne festivalgjester likar dei høvet til å gå tur eller bade, livet i campen og blandinga av musikk.

Med 70-talstelt, vassflaske og hattar, kosar dei seg i og utanfor den nedlagte bensinstasjonen.

– Vi hugsa å ta med dorullar og gummistøvlar, men gløymte å ta med kniv. Det gjer ingenting, for det aller viktigaste er å ha ei positiv innstilling – då vert det ei strålande festivaloppleving uansett, avsluttar Linn Solheim og Hilde Brinchmann.