Osloelevar gjer det godt i nynorsk
Tiandeklassingane i Oslo fekk 3,5 i snitt på sidemålseksamen i vår. Det er like god nynorskkarakter som i fleire av nynorskfylka.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Resultata frå den avsluttande eksamenen i sidemål viser at elevane i hovudstaden gjer det like godt i nynorsk som mange av elevane som har nynorsk som hovudmål.
Snittet på 3,5 i norsk sidemål i Oslo er det same som snittet i norsk hovudmål i fleire av fylka med mange nynorskbrukarar. Både i Møre og Romsdal, Rogaland og Hordaland er snittet 3,5 i norsk hovudmål, som for mange elevar i desse fylka vil vere nynorsk.
I nynorskfylket Sogn og Fjordane er hovudmålskarakteren i snitt 3,6. Samtidig er sidemålskarakteren i same fylke 3,7, noko som vil seie at svært mange av elevane dermed gjer det betre i bokmål enn i nynorsk.
Høgst snittkarakter på norskeksamen fekk osloelevane, som hadde 3,8 i hovudmål. (©NPK)