NHO: Dropp språkkrav!

NHO Luftfart meiner flygeleiarar i Noreg ikkje treng å kunne norsk og foreslår lausare språkkrav for å få bukt med forseinkingane.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Avinors problem med å få rekruttert flygeleiarar har ført til mange hol i vaktplanane i sommar – og til tider kaos i flytrafikken.

– Vi har tre flykontrollsentralar i Noreg, med mange flygeleiarar som alle må snakke norsk. Det er heilt unødvendig når dei stort sett skal styre internasjonal kommersiell flytrafikk i norsk luftrom, seier direktør Torbjørn Lothe i NHO Luftfart til NRK.

Han viser til at mange norske flygeleiarar jobbar i Gulf-statane utan å bruke anna enn det internasjonale flyspråket engelsk. Spesialrådgjevar Geir Ingebrigtsen i Luftfartstilsynet vedgår at regelverket for sivil luftfart i Noreg kanskje er for strengt.

– Det er klart at utanlandske flygeleiarar har moglegheiter for å jobbe i Noreg viss ein legg til rette for det. Men det tyder at heile regelverket må vere på engelsk, seier han.

Lothe omtalar reglane i Noreg som umoderne og proteksjonistiske og meiner det gjer oss unødvendig sårbare ved sjukdom og anna fråvere hos norske flygeleiarar.

Også i helga oppstod det einskilde forseinkingar i passasjertrafikken. (©NPK)