Regionale skilnadar i den norske arbeidsmarknaden jamnast ut på grunn av viljen til innvandrarar til å flytte på seg.  

mm

Innvandrarar som nyleg har kome til Noreg verkar ikkje like bunde til ein stad som nordmenn er. Dette er positivt for arbeidsmarknaden, seier forskarane Marianne Røed og Pål Schøne ved Institutt for samfunnsforsking til forskning.no 

− Innvandring bidreg til ein meir effektiv fordeling av arbeidsressursar mellom fylka i Noreg. Innvandrarar som kjem hit er oppmerksame på regionale høve og flyttar ofte til fylke med lovande arbeidsmarknad, seier Røed. 

− At innvandrarar frivillig flyttar seg frå ein region til ein annan som følgje av lønnsnivå og arbeidsløyse, kompenserer for dei innfødde sin lågare flytteiver, seier Schøne, og sleg fast at etniske nordmenn ikkje bidreg til å jamne ut skilnadane i arbeidsmarknaden på same måte som innvandrarar gjer. 

Les òg: Jumping, ikkje dumping

Til ro etter åtte til ti år. 
Etter åtte til ti år i landet slår òg innvandrarar seg til ro, med familie, hus og sosiale nettverk. Då er dei ikkje lenger like tilbøyelege til å flytte. Likevel held innvandrarar fram med å bidra til ei effektivisering av arbeidsmarknaden. 

− I eit samfunnsøkonomisk perspektiv er det positivt at nykomne innvandrarar er såpass mobile. Når vi opplever økonomisk ubalanse er det viktig at nokre flyttar til stadene som kan tilby gode arbeidsmarknader, seier Røed. 

Les òg: Norskkurs er nøkkelen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38
ANNONSE