Buplikt ikkje i strid med EØS-avtalen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er Landbruks- og matdepartementet som kjem med nyheita om avgjerda i ESA. Landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) er godt nøgd.

– Etter langvarig og grundig behandling av klagesakene har EFTAs overvakingsorgan kome til at dei norske bupliktreglane er i tråd med dei generelle prinsippa i EØS-avtalen om fri flyt av kapital, seier Slagsvold Vedum.

Han legg til at ein frå norsk side har argumentert med at buplikta tek vare på viktige samfunnsinteresser, samstundes som ho gir ein viss grad av fleksibilitet.

ESA har sidan 2003 fått ei rad klager på buplikta, men har no valt å ikkje gå vidare med klagesakene. (©NPK)