– Veg bør gå framfor tog

Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete seier det er uaktuelt å prioritere jernbane på kostnad av veg.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho seier dermed nei til å ferdigstille intercity-triangelet innan 2023.

– Eg er ikkje villig til å seie at dette prosjektet er viktigare enn å oppgradere vegane våre. Vi kan ikkje leggje fram ein Nasjonal Transportplan som seier: «Beklagar folkens, E39 og E6 nordover får bli som det blir». Nei, det går ikkje, seier Navarsete til VG.

Sp seier dermed nei til å ferdigstille intercity-triangelet på elleve år, eit krav både LO, NHO, miljøvernorganisasjonar og dei åtte fylkesordførarane på Austlandet har gått inn for. Også regjeringspartnar SV går inn for denne tidsplanen for prosjektet med dobbeltspor mellom Oslo og byane Halden, Lillehammer og Skien.

Les òg: – Krev bompengar på dei fleste vegar

Prosjektet er kostnadsrekna til rundt 130 milliardar kroner. Med dagens fordelingsnøkkel mellom veg og jernbane vil det vere behov for ein auke i investeringsramma på 136 prosent dersom intercity skal stå ferdig om ti år, har direktør i Jernbaneverket Elisabeth Enger uttalt.

Navarsete signaliserer på si side ein vekst på i underkant av 50 prosent.

– Sist auka vi rammene med 45 prosent. Det er ingen grunn til at det bør vere mindre denne gongen. Men dette er ei sak som kjem etter kvart, seier ho til VG.

– Eg er villig til å satse store summar på intercity, men ikkje på kostnad av veg, understrekar Navarsete. (©NPK)

Les òg: Liv Signe fascinerer