VG Nett omsette Grytten til bokmål

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grytten til bokmål?

Forfattar Frode Grytten hadde laga eit dikt på nynorsk til minnemarkeringa etter terrorangrepa. Då diktet blei presentert på VG Nett, hadde avisa omsett diktet til bokmål.

– Dette er ikkje overraskande, seier Grytten til NRK.no. Han meiner VG aldri har sett stordomen i nynorsk og at dei ikkje lèt målforma få sleppe til på det redaksjonelle planet.
– Det heile er skuffande og vitnar om tankeløyse, seier Grytten.

Kari Tone Sperstad, nyheitsleiar i VG Nett, seier at redaksjonen følgde TV-sendinga frå minnekonserten og skreiv ned diktet direkte derifrå.
– Frå vår var det ikkje vore noko medvite val at diktet blei omsett til bokmål, hevdar ho.

Likevel tok VG Nett kritikken til seg, og oppdaterte nettsaka med den nynorske originalversjonen av diktet.


Les meir: VG-redaktør vil ha nynorsk