Tina Holtgaard Oulie (25) reiser til ein vest-saharawisk flyktningleir for å lære.

Tina Holtgaard Oulie kom heim frå Jordan for ei veke sidan. I september set ho kursen mot Algerie saman med tre andre nordmenn. Der skal ho vere frivillig engelsklærar i ein vest-saharawisk flyktningleir.

Med eigne auge
– Eg har lese mykje teori. No ser eg fram til å møte menneske som sjølv er på flukt frå krig og lære om kulturen og dagleglivet i flyktningleiren, seier Tine.

Saman med tre andre er ho med i utvekslingsprogrammet Nordic-Saharawi Exchange Program, i regi av Red Cross United World College (RCNUWC), Fredskorpset og Ministry of Sport and Youth ved Polisario Vest-Sahara.

Norske ungdommar reiser til vest-saharawiske flyktningleirar, medan saharawiske ungdommar reiser til den internasjonal skulen RCNUWC i Noreg.

Les meir om Vest-Sahara her!

Setje fokus
25-åringen frå Sarpsborg har ein mastergrad i samanliknande politikk og konfliktstudier frå London School of Economics i bagasjen. I tillegg har ho vore praktikant ved ambassaden i Jordan og studert arabisk i Libanon. Ho har òg vore frivillig i palestinske flyktningleirar i både Jordan og Libanon, og trur det blir spanande å samanlikne opplevingane.

– Å ikkje kunne gjere noko med menneska der sin situasjon blir nok frustrerande, men eg håper vi kan bidra til å betre framtidsutsiktene til elevane vi skal undervise i engelsk. I tillegg håper eg vi kan vere med å setje fokus på situasjonen til det saharawiske folket, fortel Tine.

LES OGSÅ: Vest-Sahara ut av skuggen

Ho er på veg til Haugland, der Fadala Jalil (25) og Bakina Saluh (27) ventar. Før turen går til Algerie, skal volontørane møtast og lære av kvarandre.

Født og oppvaksen i flyktningeleir
Dei to volontørane Fadala og Bakina frå Vest-Sahara har Hauglandssenteret i Fjaler nesten for seg sjølv. Dei har reist frå førti varmegrader, familie og vener i flyktningleirane der dei er fødde og oppvaksne, til vestlandssommar og nye vener i vesle Flekke i Sunnfjord.

– Her er det kaldt. Det er bra, seier Bakina.

Ørkenområdet Vest-Sahara i nordvestlege Afrika har vore omstridt sidan spanjolane trakk seg ut i 1975. Marokkanske styresmakter og den vest-saharawiske motstandsrørsla Polisario stridast om kven som skal regjere i området.

Sidan 1991 har det vore våpenkvile i området, men endå ventar mellom 160- og 200.000 flyktningar på ei løysing. Dei er avhengige av utdelingar frå humanitære organisasjonar.

Her kan du lese meir om situasjonen i flyktningleirane!


ENDRING: Fadala Jalil (25) og Bakina Saluh (27) har reist til Flekke for å arbeide frivillig. Dei håper fleire skal få auga opp for situasjonen i Vest-Sahara. Foto: Tora Hope

Alt for å hjelpe
Bakina og Fadala har vekse opp i høvesvis Layounne- og Smaara-leiren i Tindouf-området i Algeria. Skilnaden er stor frå Flekke.

– For oss var livet i flyktningleiren det vi kjende. Vi leika i vår eiga lille verd, med dei enklaste ting. Utlendingane i leiren kom frå ei anna verd. Ettersom vi vaks opp lærte vi om konflikta, vi forstod at leiren ikkje var vår permanente heim, men at vi venta på fridommen vår, fortel Bakina.

I fleire tiår har familiane levd i leirane. Bakina fortel om born som leikar og ler, utan å tenkje over at dei bur i ein leir.

– Å vere flyktning er annleis, men det er ikkje bra å vere ein trist flyktning, smiler 27-åringen.

Ho har studert økonomi i Algeria, medan Fadala utdanna seg til arabisklærar i Libya.

– Veldig mange reiser til Algeria, Libya eller Cuba for å ta utdanning. Vi reiste då vi var tretten år, fordi det ikkje fanst ungdomsskular i leirane på den tida. Når vi kjem heim er det ikkje jobbar, fortel Fadala.

I leirane arbeider dei som lærarar og gjer sitt beste for bidra til fellesskapet.

– Det er så viktig at vi hjelper kvarandre. Vi arbeider utan å få løn, for at vårt folk skal få det betre, seier ho.

LES OGSÅ: Frivillig – fordi eg fortener det

Møte mellom kulturar
Det er ikkje berre lett for to vest-saharawiske kvinner å leggje ut i verda. Bakina og Fadala kjem frå liberale familiar, men må ofte forsvare vala dei har teke.

– Sjølv om eg er stolt over kulturen min, er det sider ved den som ikkje er så bra. Eg må heile tida svare for kvifor eg ikkje giftar meg, kvifor eg jobbar så mykje og kvifor eg reiser frå familien min. Det er lettare å vere mann enn kvinne i vår kultur. Kanskje kan slike møter mellom kulturar bidra litt mot desse haldningane, seier Bakina.

Volontørane håpar dessutan at dei internasjonale elevane på skulen i Flekke og andre vil lære meir om Vest-Sahara i laupet av året dei skal bu i Noreg.

– Vi har jo våre håp og draumar om endring. Kanskje kan det kome noko som kan hjelpe ut av dette, anten det er i form av utdanning, medisinsk hjelp, eller merksemd kring vår situasjon, seier Fadala.

LES OGSÅ: Reising med meining

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.37

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE