Nesten 80.000 håpefulle fekk torsdag tilbod om studieplass til hausten.

NPK-NTB
NPK-NTB

Samordna opptak har sendt tilbod til 79.404 personar som har søkt på høgare utdanning. Det er ein auke på 6,6 prosent frå i fjor, noko som vil seie at 4.900 fleire har fått tilbod om studieplass.

Rundt 60 prosent får begynne på førstevalet sitt i august og det har dermed vore ein auke i talet på kvalifiserte søkjarar.

Ifølgje Kunnskapsdepartementet har aldri så mange fått tilbod om studieplass som i år. Det er planlagt over 1.000 fleire studieplassar. Dette heng saman med det høge talet på søkjarar i april, med 6,8 prosent fleire søkjarar enn året før.

– Dette er det høgste talet på søkjarar vi har hatt i historia til Samordna opptak, sa Bente Ringlund Bunæs tidlegare i år i ei pressemelding.

– Det ser ut til at det er ein auka interesse for høgare utdanning i befolkninga, meinte Bunæs.

Dersom ein ikkje er tilbode plass nokon stad ved hovudopptaket, er det framleis ledige studieplassar ved 417 ulike studium fordelt på 30 lærestader. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.37
ANNONSE