Utvidar miljøprogram for jordbruket
Når det femårige klimaprogrammet for jordbruket går ut ved årsskiftet, vil regjeringa erstatte det med ei ny og breiare klima- og miljøsatsing.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regjeringa har sett av 18 millionar kroner til det nye Klima- og miljøprogrammet for 2013.
I praksis er det tale om ei samanslåing av det noverande tiltaksprogrammet og informasjons- og utviklingsmidlane som er knytte til Nasjonalt miljøprogram. Dermed skal det nye miljøprogrammet dreie seg om både klimagassutslepp, redusert avrenning, kulturlandskap og naturmangfald.
– Eit tiltak kan ha effekt på utsleppa både til vatn og til luft, ofte er det positive samanhengar. Derfor har vi vurdert det som tenleg å slå saman desse to programma til eit Klima- og miljøprogram, seier Reidar Tveiten, som er ansvarleg for programmet i Statens landbruksforvaltning.
Landbruksforvaltninga og fylkesmannskontora skal forvalte løyvingane i tiltaksprogrammet.
©NPK