Småbrukarlaget lanserer kampanje for kortreist mat
Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS) bruker 2,7 millionar kroner på fremjing av lokal mat, som ein del av hundreårsjubileet sitt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kampanje for kortreist mat
– Utvikling av lokalmat kan gi auka inntektsmoglegheiter, auka nyskaping, auka framtidstru og stoltheit knytt til matproduksjon som yrkesval. Lokalmat bidreg til lokalt kulturliv og til å halde ved like og fornye tradisjonar og utvikle nye produkt med høg kvalitet, seier leiar i NBS, Merete Furuberg.
Småbrukarlaget skal byggje opp eit nettverk av det dei kallar mat-inspiratorar, produsentar som skal drillast i produktutvikling, kommunikasjon, verdival, merkevare- og nettverksbygging.
– Vi trur at vi kan auke rekrutteringa til landbruket og bidra til ei haldningsendring innanfor landbruket om verdien og kvalitetane lokalmatproduksjon gir, seier Furuberg.
NBS fyller 100 år i 2013. Arbeidet med å fremje auka produksjon av lokalmat er ei av fire grunnsøyler i jubileet. Budsjettet på 2,7 millionar kroner er delfinansiert av Innovasjon Noreg. (©NPK)