Færre nye utanlandske studentar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mindre utanlandske studentar

Låg studieavgift er hovudgrunnen til høge søkjartal, og flest studentar kjem det frå Kina, USA og Russland.

Frå 2009 til 2011 auka søkjartalet med 50 prosent, ifølgje UDI. Men i 2012 ser talet ut til å bli omtrent som i fjor.

Så langt i år har 1.806 personar frå land utanfor EØS-området søkt om opphaldsløyve for å studere ved ein høgskule eller universitet. Det er litt færre enn i same periode i fjor.

I tillegg er det gitt 722 andre utdanningsløyve, blant anna for faglærte som ønskjer å studere norsk for å kunne jobbe i Noreg. 543 personar søkte om eit slik studieløyve første halvår i 2012, og det er ei tidobling på to år. Det er også gitt 550 løyve til au pair-stillingar, som også blir rekna som utdanning.

Nesten gratis
UDI påpeiker at ein viktig grunn til den auka studieinnvandringa til Noreg er dei låge studieavgiftene her i landet.

Etter at Sverige innførte høgare studieavgift for borgarar utanfrå EØS-området i 2010, har talet på utanlandske studentar nærast rasa, påpeikte UDI-direktør Frode Forfang torsdag.

– Talet er gått tydeleg ned, sa han.

Island og Noreg krev framleis berre ei relativt låg semesteravgift for å studere, medan andre land i EØS-området no har betydeleg høgare avgifter for studentar frå andre land.

Ei anna årsak til auken dei siste åra kan vere at norske studiestader har drive aktiv rekruttering for å få utanlandske studentar til Noreg, meiner UDI.

Kina, Russland, USA
Til studie ved universitet og høgskular er det som i tidlegare år flest søkjarar frå Kina, Russland og USA.

Tar ein med faglærte som skal studere norsk språk, er filippinarar den største gruppa. 373 filippinarar har søkt om studentløyve i Noreg så langt i år. Det er nesten tre gonger så mange som i same periode i fjor og sju gonger talet i 2010.

– Dette er eit type løyve som vart innført i 2010, og vi ser at stadig fleire ønskjer å nytte seg av denne inngangen til den norske arbeidsmarknaden, seier Forfang. (©NPK)