Åtte av ti får førstevalet
I Sogn og Fjordane får dei fleste kommande vidaregåandeelevane førstevalet sitt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ved første inntak er det klart at 3777 av søkjarane til vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane får oppfylt førstevalet sitt.
Auka kapasitet
Grunna auka kapasitet er det i år 100 fleire enn i fjor tilbod om plass i første inntak. Totalt får 90 prosent av søkjarane tilbod om plass i første inntaksrunde, 8 prosent av desse får andreønsket sitt.
– Det er gledeleg at me også i år kan tilby majoriten av dei unge det opplæringstilbodet dei har som første prioritet, seier fylkesdirektør Bekka Skaasheim i Sogn og Fjordane fylkeskommune.
LES OGSÅ: Student og på bustadjakt?
Kjøp av elevplassar
72 søkjarar får tilbod om vidaregåande opplæring i andre fylke. Gjennom Hordalandsavtalen kjøper fylkeskommunen skuleplassar i andre fylke.
187 utan tilbod
187 søkjarar med rett til vidaregåande opplæring står utan tilbod etter første inntaksrunde, det er 62 færre enn i fjor. Samstundes er det 287 ledige skuleplassar i Sogn og Fjordane, om lag likt fordelt på alle trinna. Søkjarane utan tilbod i første inntaksrunde fordeler seg på dei fleste av utdanningsprogramma ved dei 13 skulane.
LES OGSÅ: Rasar mot sidemålskutt
Lang venteliste
Søkjarane har frist til 17. juli på å svara om dei tek i mot tilbodet eller ikkje. Dei som ikkje har svara innan fristen misser skuleplassen.
– Det er viktig å svara på om du tek mot tilbodet eller ikkje. Hugs at det totalt er over 700 søkjarar står på venteliste til sine førsteval, understrekar Skaasheim.
Les saka i Sogn Avis!