Romanias president blir truleg stilt for riksrett. EU og USA er kritiske.

mm

Romanias president Traian Basescu vil truleg bli stilt for riksrett i ei folkerøysting seinare denne månaden.

Den venstreorienterte statsministeren Victor Ponta frå partiet USL suspenderte Basescu på fredag . Ei folkerøysting om å stille han for riksrett vil finne stad 29. juli.

Upopulær
Ei meiningsmåling synte 64,3 prosent av rumenarane ville røyste for å avsetje Basescu, som er upopulær for ulike innstrammingstiltak.

EU, USA og andre vestlege land seier rettstryggleiken og sjølvstenda i rettsvesenet i EUs nest fattigaste land er truga av avgjerda.

– Eg er veldig bekymra for den siste utviklinga i Romania, spesielt om handlingar gjort av regjeringa og Stortinget i høve til sentrale demokratiske institusjonar.

– Eg har bede om ei uttaling frå Europarådets kommisjon for demokrati gjennom lovgivning – som Romania er medlem – på i kva grad desse handlingane er kompatible med demokratiske prinsipp og rettstryggleik, melder Torbjørn Jagland, generalsekretær i Europarådet

Rekordlåg valuta
Internasjonal kritikk har sendt leu valutaen til eit rekordlavt nivå og dytta lånekostnader høgare.

– Som det er no, vil Basescu mest sannsynleg bli stilt for riksrett, men internasjonal kritikk kan få fleire rumenarar til å røyste for han," sa politisk kommentator Mircea Marian ifølgje Reuters.

– Omfattande kritikk i utlandet er den største tornen for regjeringa akkurat no.

Lang liste
Regjeringa hadde ei lang liste med grunnar for å fjerne Basescu, inkludert det som sagt var forsøka hans på å presse dommarar og bryte grunnlova.

– Det er omlag 2 år sidan du sist høyrde meg kritisere rettsvesenet, fordi det har byrja å fungere og skremmer mange kriminelle, det vere seg i politikk eller utanfor politikk, sa presidenten ifølgje Nine o`Clock.
Basescu hevdar tiltalen mot han er politisk og ein freistnad frå statsminister Ponta på å ta kontroll over rettsvesenet.

Overtramp
Presidenten er ansvarleg for landet sin utanrikspolitikk og nominerer statsministeren.

Nominasjonen skal vere basert på forslag frå det politiske partiet/alliansen som har fleirtal i parlamentet, noko Basescu har vorte skulda for å ikkje ta omsyn til.

Sjølv om rolla er hovudsakleg seremoniell, har han vore i stand til å påverke innstrammingstiltaka til den forrige regjeringa politikk på grunn av det nære sambandet han hadde til sentrum-høgre partiet PDL.

Ny bølgje av kritikk
Om regjeringa og domstol hamner i konflikt over dekretet, vil det ganske sikkert vekke ei ny bølgje av kritikk frå domstolen og EU. Regjeringa nektar for at rettstryggleiken er truga og seier dei held seg til avtalen med IMF, som vil gjennomgå økonomien til landet seinare denne månaden.

Om 27 prosent av rumenarane ville røyste i favør av Basescu, medan om lag 8 prosent var usikre, syner meiningsmålingar.

Kjelder: Reuters/Nine o`Clock
 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.37

LES OGSÅ

ANNONSE