Dei fleste arbeidsinnvandrarane i Noreg jumpar, dei dumpar ikkje.

mm

Denne nye rapporten av Mathilde Fasting ved Civita utfordrar førestellinga om at arbeidsinnvandring i hovudsak fører til «sosial dumping.» Arbeidsinnvandrarar gjer det betre enn dei har høve til i heimlandet sitt, ifølgje rapporten.

Fast arbeid
I Noreg får arbeidsinnvandrarane høve til fast arbeid, sosial tryggleik og god lønnsutvikling. Dei betrar livssituasjonen og livskvaliteten sin. I tillegg betrar dei høva for norske arbeidsplassar som tek i mot arbeidsinnvandrarar. Dei aller fleste norske arbeidstakarar vil nemleg òg tene på at arbeidsinnvandrarane kjem, ifølgje rapporten.

Rapporten peikar på at all merksemda kring sosial dumping, som berre omfattar nokre få av arbeidsinnvandrarane, overskuggar kor vellukka arbeidsmigrasjonen har vore for, både for Noreg
og for langt dei fleste av arbeidsmigrantane som har valt å kome hit.

Les òg: Innvandrarar er redninga

Lærer heile livet
– Eg kom til Noreg gjennom eit vikarbyrå. No søkjer eg jobb i kommunen. Det er betre betalt og gjev betre vilkår. Skilnaden er ikkje stor på å arbeide som sjukepleier i Noreg og Polen, men i Polen har vi ikkje hjelpepleiarar. I Polen har vi berre sjukepleiarar på sjukehus og det er fleire pasientar per sjukepleiar. I Noreg er det meir tid til pasientane. Det er nokre skilnader på prosedyrar, men ikkje store. Det eg kan frå Polen og røynsla frå sjukehus, hjelper meg veldig i heimesjukepleia, seier ei kvinneleg arbeidsinnvandrar i rapporten.

– Eg vil ta mastergrad i Noreg og drøymer om å ta kirurgisk spesialisering. Gjennom PPS lærer eg norsk, eit nytt dataprogram og på jobb lærer eg om sjukepleiefaglege prosedyrar. Ein lærer heile livet, held ho fram.

Professor Nina Witoszek, som sjølv er polsk, støttar funna i rapporten.

– Noreg og det opne Europa reddar folk frå fattigdom. Men legg merke til korleis polakkane avanserer. Først jordbær. No handverkarar. Snart er dei professorar, sa ho til Aftenposten.

Les òg: Innvandring løner seg ikkje

Positive til innvandring
SSB har kartlagt haldningane til arbeidsinnvandring.

Ni av ti nordmenn meiner at innvandrarar i Noreg bør ha same høve til arbeid som nordmenn, og sju av ti meiner at arbeidsinnvandring frå land utanom Norden for det meste bidreg positivt til norsk økonomi.

I Noreg er det eit meir positivt syn på innvandrarar enn i mange andre land, og med den høge tilliten vi har til kvarandre i Noreg er det gode sjansar for arbeidsinnvandrarane å lukkast i Noreg.

Prøv vår quiz om innvandring!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.37

LES OGSÅ

ANNONSE