– Fint at du passar på, men er hiv eigentleg skummelt? Camilla Trøen Tobekk (32) har valt å stå fram for å gjere hiv-positive mindre farlege. ”Maria” (28) skulle ønskje ho kunne gjere det same.

Faktaboks

Hiv i Norge

I 2011 vart 269 nye hivsmitta diagnostisert i Noreg. 190 var menn og 79 var kvinner.

Blant menn som har sex med menn og nyankomne innvandrarar aukar tala. Blant heteroseksuelt smitta busett i Noreg då dei vart smitta gjekk talet noko ned. Talet på hiv-smitta blant rusmisbrukarar i Noreg held seg på eit stabilt nivå.

Hiv er ei forkorting for humant immunsviktvirus. Utan behandling vil dei fleste utvikle aids.

Hiv-viruset må direkte inn i blodet for at smitte skal bli overført. Hovudsakleg vert smitte overført ved ubeskytta sex, men viruset kan òg smitte frå mor til barn under svangerskap, fødsel eller amming. I tillegg kan hiv smitte dersom ein deler sprøyte med nokon som er hiv-positiv eller ved blodtransaksjon i land der blodet ikkje vert sjekka.

Det er ikkje mulig å bli smitta gjennom vanleg kroppskontakt.

Kjelder: Folkehelseinstituttet/HivNorge

LES FAKTALUKK FAKTA

– Vil du at eg skal ta heile historia, spør Camilla Trøen Tobekk (32) drevent og ler ein liten lått. I seks år har ho levd som hiv-positiv.

I fjor valde ho å stå fram med si historie i bladet Kamille. Deretter har det balla på seg og Camilla har gjeve andlet til ein usynleg sjukdom. “Maria” (28) har vore hiv-positiv i fem år. Ho lev med diagnosa i skjul og drøymer om meir openheit.

Talet aukar
Talet på hiv-positive i Noreg aukar og Folkehelseinstituttet ser framleis på hiv-infeksjon som ein av våre mest alvorlege smittsame sjukdommar.

I 2011 vart 269 nye tilfelle diagnostisert i Noreg. Dei fleste nye tilfella er menn som har sex med menn eller innvandrarar som er blitt smitta før dei kjem til Noreg.

I 2011 vart 46 personar diagnostisert etter heteroseksuell smitte medan dei var busett i Noreg. Av desse var 13 kvinner. Nær 90 prosent av desse har norsk bakgrunn. Ei lita gruppe unge vert òg smitta i Noreg. I 2001 var dette talet 6. I fjor vart 17 barn og unge diagnostisert som hiv-positiv etter å ha blitt smitta i Noreg.

Hiv-viruset må ein leve med resten av livet, men med gode medisinar lev mange nesten utan å merke sjukdommen.

– Den største skilnaden frå før eg vart smitta, er at eg må hugse å ta medisinen min, seier Camilla.

Eit levande bevis
Tre dagar før Camilla skulle stå brud for første gong dumpa eit brev ned i postkassa.

–  Ein eg hadde vore saman med før hadde testa positivt.

Camilla vart redd. ”Kjemperedd”.

– Tenk om eg hadde smitta forloveden min?

Det hadde ho ikkje. Dei gifta seg. Den då 26 år-gamle Camilla var i sjokk og sleit med depresjon og angst.

– For meg rasa verda saman då eg fekk diagnosa. I byrjinga turde eg knapt å skjære brød. Tenk om eg kutta meg?

Det gjekk utover ekteskapet. Etter eit halvt år skilde Camilla og mannen seg.

Tida som kom var hard. Camilla flytta heim til mor og var sjukemeldt i fleire periodar. Så møtte ho Christian Tobekk.

– Eg hadde blitt avvist før. Ein gong vart eg kasta rett ut då eg fortalde om hiv-diagnosa til ein gut eg hadde møtt. Då eg møtte Christian tenkte eg: eg må berre fortelje det før eg investerer for mykje kjensler i han, fortel Camilla.

Men Christian kasta henne ikkje ut. Han ville vite meir. Vart med til legen og fekk informasjon. Risikoen for at han skal bli smitta når Camilla går på medisin er på grensa til ikkje-eksisterande. Tre månader seinare flytta dei saman og i fjor gifta dei seg.  Christian er hiv-negativ.

 

– Vi fekk vel ein pangstart, når eg tok opp noko så personleg så tidleg. I dag er vi eit team, seier Camilla nøgd.

LES OGSÅ: – Ungdom må med for å vinna kampen mot hiv

For sikkerheits skuld
– Hei, angst! Fint at du passar på, men hugs at hiv ikkje smittar så lett som du trur.

Monica Miltun snakkar til instinkta og til kroppen. Ifølgje Miltun, som jobbar ved Aksept-senteret i Oslo, er det vanskelegaste med å vere hiv-positiv å møte andre menneske.

– Folk er overdrivent redde for smitte, samstundes som vi trur at hiv er noko som berre rammar prostituerte, menn som har sex med menn, rusmisbrukarar eller innvandrarar frå afrikanske land.

I ein Fafo-rapport frå 2008 kjem det fram at ungdom og unge vaksne har lågast kunnskap om hiv og aids.

– Deltakarane visste mykje om korleis viruset smittar, men då dei var spurt om dei ville latt ein hiv-positiv passe småborna sa dei nei. Hovudet veit kva som er sant, men kroppen sit på ein stubbe og tenkjer nei, for sikkerheits skuld, seier Miltun.

Somme vinn i lotto
Hiv-viruset må direkte inn i blodet for at smitte skal bli overført. Det kan skje gjennom vaginalt eller analt samleie utan kondom, å dele sprøyte med ein hiv-smitta eller gjennom blodoverføring i land der blodet ikkje vert sjekka. I tillegg kan hiv smitte gjennom fødsel og amming.

– I Sverige og Noreg har ingen hiv-positive mødre født hiv-positive born dei siste ti åra, grunna oppfølginga frå legar og medisinar, understrekar Miltun.

Ifølgje Aksept er mørketala låge. Dei fleste hiv-positive får god oppfølging og gode medisinar. Då er viruset minimalt smittsomt og flyttar seg nesten ikkje.

– Dei fleste som lev med hiv er svært ansvarsfulle. Å bade saman, dele handduk, drikke av same glas, ete av same hamburgar, klemme, kline eller kose inneber ingen risiko. Men vi tenkjer med kroppen. Vi veit at smittefara ikkje er stor, men kroppen roper fare. Difor må vi få hovudet og kroppen til å snakke saman om vi skal arbeide mot fordommane knytt til hiv, held Miltun fram.

Ho peikar på eit dilemma knytt til å arbeide mot mytene kring hiv:

– Den gode nyheita er at hiv er langt frå så smittsamt som du trur. Den dårlege nyheita er at det kan likevel ramme deg. Det er det som er så forbaska: folk må ikkje blåse i kondomen sjølv om vi gjer det klart at hiv ikkje smittar så lett!

– Ein tenkjer at ein aldri vinn i lotto og at ein aldri blir smitta av hiv-viruset. Men nokon vinn i lotto, og nokon blir smitta.

Les om korleis hiv smittar og korleis hiv ikkje smittar på HivNorge sine sider.

Eit liv i skjul
”Maria” (28) vil ikkje sei kva ho eigentleg heiter eller kor i Noreg ho bur. Sidan ho var 23 år har ho levd med hiv-diagnosa. Ho møter hiv og aids i jobben og gjekk difor for å sjekke seg. Resultatet endra alt.

– Det var eit sjokk. Eg ante ikkje at eg var hiv-positiv. I vennegjengen har eg alltid vore den ansvarlege, som var oppteken av å beskytte meg.

Eks-kjærasten reiste mykje. Det var han som smitta ”Maria”.

– Eg fann ut at han eigentleg visste han var smitta, men han tok det ikkje innover seg.

I dag går ho på medisinar, er gift og har to born. Dei nærmaste veit, men ikkje kollegaene på sjukehuset der ho jobbar. Ho skulle ønskje det var annleis.

– På jobben er det dagleg snakk om hiv og aids. Det kan vere tøft. Eigentleg kunne eg tenke meg å stå fram, men eg kan ikkje av omsyn til familien min, meiner ”Maria”.

Ho er født og oppvaksen i Noreg. Familien er opprinneleg frå Sør-Amerika.

– Familien min tenkjer at hiv er litt ekkelt og flaut. Det er ikkje akkurat kult å ha ei dotter som er hiv-positiv. Dei skammar seg vel, seier kvinna.

– Eg tenkjer at ein dag kjem det nok fram og det er greit. Folk må innsjå at ikkje berre prostituerte og rusmisbrukarar får hiv.

LES OGSÅ: Den usynlege minoriteten

Jenta med hiv
Camilla meiner ho ikkje har så mykje å tape på å stå fram som hiv-positiv. Ho trur mangelen på andlet aukar fordommane.

– Eg har fått veldig positive tilbakemeldingar på å vere open, men som hiv-positiv har eg òg møtt mange fordommar. Ein lege på Ullevål sjukehus spurte meg rett ut: er du prostituert eller rusmisbrukar? Eg kjenner fleire hiv-positive, og ingen passar i desse kategoriane, fortel Camilla.

Camilla seier ho er heldig. Ho har familie, vener og ikkje minst ektemannen ved si side. Det har gjort openheita lettare. På ”Jenta med hiv” bloggar ho om livet som hiv-positiv.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.37

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE