– Litt kjekt og litt skummelt

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Alle vil skrive om at Medna skriv nynorsk, ler Sjovda Akhvarbekovna Viskhanova. Ho hentar fram kaffe og Marie-kjeks i leiligheita på Mortensrud. Sjovda er mor til den einaste av Oslo sine 55 000 grunnskuleelevar som har nynorsk som hovudmål.

Nynorskeleven sjølv sit med det lange håret i ein hestehale og ei blå t-skjorte med “New York City” påskrive og tykkjer det er litt rart og litt skummelt, men mest gøy med merksemda.

Eit mirakel
“Til Medna Israilova”.

Slik opnar nynorskforfattar Kjartan Fløgstad kronikken “Eit sant mirakel” i Aftenposten denne veka. Han går vidare med å lange ut mot styresmakter og presse. Ifølgje Fløgstad er nynorsken som riksspråk meir utsett enn på lenge, trass i at nynorsk dikting “aldri har stått sterkare” og at nynorsken er både “breiare og høgare og lågare og spissare og har større vitalitet enn nokon gong”.

I same kronikk skriv han at Medna Israilova vert hengt ut som eit hatobjekt i ein Aften-artikkel i vinter, utan at korkje Mållaget, Språkrådet, Fritt Ord eller andre tek til motmæle.

Medna Israilova (14) sjølv brukar ikkje sommarferien til å tenkje på skule, nynorsk eller kronikkar i Aftenposten. Lettare overraska innrømmer ho at kronikken har gått henne hus forbi.

– Har han skrive ein kronikk om meg? Hm, seier Medna. Før Framtida kjem på besøk har ho lese kronikken. Delvis i alle fall.

– Den var litt lang, ler ho. Medna seier at ho ikkje føler seg særleg uthengt, men set pris på kommentaren.

– Det er kjekt at han skriv om meg, seier ho.

Ho hadde aldri trudd at nokon skulle bry seg om at ho skreiv nynorsk.

– Det er litt skummelt å bli dratt fram òg. Det kjennast litt som eg er den einaste i heile Noreg som brukar nynorsk, ler ho.           

LES OGSÅ: Vil ha ekstra poeng for nynorsk

Vil ikkje miste dialekta
Medna flytta til Stryn frå Tjsetjsenia i 2006, då ho var åtte år. Ganske fort lærte ho norsk, altså nynorsk. I dag skriv ho tjsetjsensk, norsk, russisk og engelsk. I fjor sommar flytta mor, far, Medna og dei to eldre søskena til Mortensrud i Oslo.

Mor, Sjovda, tykkjer Medna har eit godt språkøyre.

– Alle borna våre lærte norsk fort og godt. Det er vanskelegare for oss vaksne folk, vi slit med å grammatikken, ler ho.

Begge søskena til Medna har gått frå nynorsk til bokmål. Berre Medna held fram med å skrive nynorsk.

– Ho må bestemme sjølv. Eg forstår at ho vil halde fram med nynorsken, seier Sjovda.

For Medna er det ikkje noko alternativ.

– Eg har ingen planar om å slutte å skrive nynorsk. Eg vil ikkje miste dialekta mi, og nynorsk kjennast meir naturleg enn bokmål, seier ho.

Ho tykkjer det er veldig rart at ho er den einaste som har nynorsk som hovudmål i Oslo-skulen. I sidemålstimane har ho til tider strekt ut ei hjelpande nynorskhand.

– Klassekameratane mine bryr seg ikkje om at eg skriv nynorsk, bortsett frå at dei av og til ber om hjelp i sidemålstimane, fortel Medna, som nokre gongar kan tykkje litt synd i frustrerte bokmålselevar som slit med nynorsken.

LES OGSÅ: – VG dumma seg ut, ikkje nynorsken

Velje sjølv
Debatten om nynorsk som sidemål i hovudstaden rasar. Fløgstad langar ut mot politikarar og presse som hevdar at nynorsken vil døy om ti til tjue år.

– Eg trur nokre kan få problem når dei blir eldre viss dei ikkje har hatt nynorsk, men samstundes tykkjer eg elevane må få velje sjølv, seier Medna om den saka.

Ho er ikkje nokon nynorskforkjempar. Ho berre skriv nynorsk. Men ho skjønar ikkje heilt kvifor mange er så negative.

– Nynorsk er ikkje så vanskeleg om ein prøver. Det blir jo sameleis for meg med bokmål, seier ho.

TA QUIZEN: Skjønar du bokmål?