Språkrådet lanserer i dag eit nytt nynorskkurs.

mm

Kurset rettar seg særleg mot elevar i den vidaregåande skulen og offentleg tilsette, men er ope for alle. Innhaldet er laga i tråd med den nye nynorskrettskrivinga som gjeld frå 1. august. Kurset erstattar dei populære nynorskoppgåvene som tidlegare låg på nettstaden til Språkrådet.

Quiz, utfylling og omsetjing
– Dei som brukar kurset, får raske og konkrete tilbakemeldingar på kva dei kan, og kva dei må øve meir på. Øvingane er varierte, med quizoppgåver, utfyllingsoppgåver og omsetjingsoppgåver. Brukarane kan setje saman øvingsrekkjer med dei emna dei vil trene på, og dei kan slå opp i ein kortfatta nynorsk grammatikk undervegs, seier Ragnhild Ås, nettredaktør i Språkrådet.

– Skuleelevar og statstilsette treng å meistre begge målformene i kvardagen. Vi trur det nye kurset vil gjere det enklare og meir motiverande å trene på nynorsken, seier fagkoordinator i Språkrådet, Sigfrid Tvitekkja.

Kurset inneheld også tips til elevane om korleis dei blir betre i nynorsk, det inneheld faktatekstar om nynorsk og undervisningstips til lærarane. Det er og øvingsrom for offentleg tilsette og elevar

Ny rettskriving, nytt kurs
Øvingsoppgåvene og minigrammatikken i kurset følgjer den nye rettskrivinga for nynorsk som vert innført 1. august i år.

 Språkrådet har laga ein brosjyre som forklarar hovudendringane i den nye rettskrivinga.

– Vi håper at mange vil bruke kurset og brosjyren til å gjere seg kjend med den nye rettskrivinga, seier Sigfrid Tvitekkja.

Les òg: Fryktar ikkje nynorskpolitiet

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.37
ANNONSE