Gymkarakterar meir tilfeldige enn du trur

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gymkarakterar er tilfeldige

Norske skular har veldig ulik praksis for karaktersetting i kroppsøvingsfaget. Nokre skular køyrer mange fysiske testar i løpet av eit år, andre har ingen.

– Men blir felt for skulane er at elevane ikkje ser ut til å kjenne til intensjonane til lærarane for faget, fortel doktorgradsstipendiat Petter Erik Leirhaug ved Noregs idrettshøgskole til forskning.no

Etter å ha spurt 1573 elevar og hatt fokusgrupper med 21 lærarar frå seks ulike vidaregåande skular, har han funne ut at det kan vere langt mellom måla i læreplanen og praksis i undervisinga.

Les òg: No skal innsats telja i gym

– Vi veit generelt lite om kva som eigenleg føregår i kroppsøvingstimane og kva for eit læringsutbytte elevane har. Det er heilt tydeleg for meg at vi treng meir forsking og kunnskap her.

– I kroppsøvingsfaget har vi omtrent inga røynsle med korleis ein kan bruke vurdering for læring. Meir langsiktig og heilskapleg vurdering kan bidra til eit betre læringsmiljø for kroppsøving. Ved å forskyve faget frå prestasjonsmåling til vurdering for læring i rørsle, trur eg vi kan utløyse eit kjempepotensial! seier Leirhaug.

Les òg: Vil ha gym kvar dag