Noreg investerer i enorme utanlandske grisefarmar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 I fleire år har norske skattepengar blitt investert i grisefarmar i Aust-Europa som aler opp mot 100.000 svin i året, melder NRK. Norske bønder har ikkje lov å ale opp fleire enn 2.100 svin i året.

– Dette går ikkje an! Eg synest det er problematisk at norske skattepengar blir brukt til å drive gard på ein måte som ikkje er lov i Noreg, seier Merete Furuberg, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag til NRK.

LES OGSÅ:Norsk Raudt Fe meir fruktbart

Innovasjon Noreg har som hovudmandat å skape nye arbeidsplassar i Noreg, men kan også investere i Aust-Europa for å bidra til levedyktig næringsverksemd. Det meiner Per Olaf Lundteigen frå Senterpartiet er meiningslaust.

– Eg er skarp motstandar av denne prioriteringa. Staten har ingenting å gjere på eigarsida i grisefarmar i Aust-Europa. Oppgåva til staten er å sikre utvikling av eit næringsliv i Noreg. Eg kan ikkje sjå at denne type verksemd bidreg til det, seier han.

Men direktøren for fondsforvaltinga til Innovasjon Noreg forsvarar investeringa.

– Grunnen til at dette ikkje er lov i Noreg, er norsk landbrukspolitikk. Det er ingenting som tilseier at ein ikkje kan drive stort innan landbruket. Det gjer ein jo i dei fleste land, seier Erik Welle-Watne.

LES OGSÅ:– Løna hindrar rekruttering til landbruket