På eigne bein

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

”Mikael var på Kunsthøgskolen og ingen andre stader”, stod det på Facebook-profilen til Mikael Rønne (24) i heile mai. Førre veke avslutta han sin bachelor i jazzdans. No freistar han å leve av det han brenn mest for, i ei verd der berre dei beste klarar seg.

Frilansframtid
I Noreg finst det to faste arbeidsplassar for dansarar. Den eine er Nasjonalballetten i Oslo og den andre er Noregs nasjonale kompani for samtidsdans, Carte Blanche, i Bergen.

I underkant av tjue dansarar går ut av Balletthøgskolen ved Kunsthøgskolen årleg. I tillegg kjem dansarar frå andre skular som Norges dansehøyskole, Universitetet i Stavanger og private skular. På toppen av desse trekkjer dansarar frå resten av Europa mot kulturmiddel-gåvmilde skandinaviske land.

For mange ferske dansarar vert deltidsjobbar og frilansoppdrag realiteten.

LES OGSÅ: Arbeidsoppgåver viktigare enn lønna

Husleige og dansedraum
Mikael Rønne frå Tromsø kallar seg optimist og realist. Med mjuke dansebein i kross sit han utanfor den sommartomme Kunsthøgskolen.

– Dagen etter avslutninga vakna eg og kjende meg åleine. Timeplanar, lærarar og klassekameratar er ikkje lenger her kvar dag. No er det opp til meg. Det er litt skremmande, seier han.

Vanleg pensjonsalder for dansarar er kring førti år. Tida er knapp for unge talent som håpar på eit gjennombrot.

– Det kan vere stressande. Ein må alltid vere på hogget og ein må alltid vere i form. I bakhovudet murrar realitetar som husleige, straumrekningar og matutgifter. Men jaget gir deg òg ei kjensle av å leve i noet og følgje draumen, fortel den unge dansaren.

Med bakgrunn i turn, amerikansk fotball og dansekurs kjempa han seg opp blant dei tjuefire beste gutane i ”Dansefeber” på TVNorge i 2006. Nokre år seinare innsåg han at dans var noko han måtte satse på med ein gong.

– Den indre dansen ville ut. Eg kom inn på Kunsthøgskolen og sidan har eg nærmast budd her, fortel han.

Innsatsen har betalt seg. Snart tek Mikael til i eit eitt-årig engasjement for Oslo Danse Ensemble. For det klappar han seg sjølv på skuldra.

– Men kor eg er om eitt år veit eg ikkje. Eg kjenner fleire dansarar som har fått ein god start, men som seinare har opplevd dødperiodar. Eg er førebudd på det altså. Ein kan ikkje vere naiv, seier Mikael.

Slutt på automatisk stipend
Mikael let seg ikkje skremme av sterk konkurranse. Men for komande kull med dansarar kan realitetane bli endå hardare.

Den ferske jazzdansaren sitt kull er nemleg blant dei siste som automatisk får starthjelp av Kulturdepartementet i den vanskelege overgangen frå studiar til jobb.

Fram til i år har avgangsstudenter ved nokre utvalde høgare utdanningsinstitusjonar innan kunst og kultur motteke eit stipend ved endt utdanning. I april bestemte Kulturdepartementet at denne ordninga skal endrast. Frå hausten må studentane sjølv søke for å få etableringsstipendet.

LES OGSÅ: Fangar opp ungdommane

Tøffare kamp
– Dansemiljøet har blitt tøffare sidan eg byrja på midten av åttitalet, seier mangeårig frilandsdansar og lærar ved Ballethøgskolen, Cecilie Lindemann Steen (47).

– Men det har òg blitt større.

Dermed er moglegheitene fleire, pengane større og konkurransen hardare, ifølgje danseveteranen. Sjølv har ho vore dansekunstnar sidan ho gjekk ut av Kunsthøgskolen på midten av 80-talet. Og ho har vore vakt på Nasjonalgalleriet, skifta spoleband og mikrofilma journalar for radio.

– Det kan vere tøft i byrjinga. Eg har sjølv måtte gå på Nav i periodar. Når ein eigentleg vil drive med det ein verkeleg er god på, kan det kjennast som eit nederlag, seier Cecilie, som håpar den nye stipendordninga ikkje vil gjere overgangen vanskelegare for studentane.

– Gje deg sjølv eit andlet
For ferske dansarar tikkar klokka fort mot tidleg pensjonsalder. Å nøle er ikkje eit alternativ.

– Du må kome i gong no, medan du er ung, i god form og har størst fysisk kapasitet, seier Cecilie.

Ho oppmodar ferske dansarar til å gjere seg sjølv synlege.

– Gå bort og hels på koreografen etter eit dansestykke du likar, meld deg på kurs og danseverkstader og gjer deg sjølv synleg, rådar ho.

Og skulle karriera i Oslo la vente på seg, kan ein kanskje vende danseskoen i andre retningar.

– Dansemiljø veks fram over heile landet, frå nord til sør. Det finst moglegheiter også utanfor Oslo, seier Cecilie.

LES OGSÅ: Gratis festivalmoro i gummibåt

Dansesjela
Det hender at Mikael Rønne vaknar og lurer på om dansen er verdt det. På slike dagar kan han fantasere om fast jobb, fast løn og faste rammer.

Men så er dei andre dagane. Som når han står på scena og adrenalinet forstørrar kjenslene og energien strøymer mellom dansar og publikum. Og det stoggar ikkje der for Mikael. Med dans kan ein forandre verda.

– Ein som har blitt rørd, provosert eller begeistra av dans er endra som person, meiner Mikael.

Dansesjela, kallar han den – evna til å få publikum til å kjenne dei same kjenslene som dansaren.

– Ein gløymer kanskje kor viktig kunst og kultur er, men tenk for ei trist a4-verd vi elles hadde levd i. Kva klede hadde vi gått i? Kva musikk hadde vi høyrt på? For ikkje å snakke om grenser som vert flytta og sanningar som vert utfordra.

Mikael snakkar gjerne om dansesjela, begeistringa, draumane og planane. Det er tøft å klare seg som dansar, men gnistene i Mikael sine augo tek det meir enn hard konkurranse for å sløkkje.

– Å klare seg som dansar kan vere tøft, men eg må danse, seier han.

Faktaboks

Frå hausten må nye kunststudentar søke om få etableringsstipendet, som dei tidlegare har fått automatisk.

Den nye ordninga skal vere for kunstnarar som etablerer seg i yrket etter endt utdanning. Også studentar som har studert i utlandet vil kunne søke.

Den nye ordninga vil likeins med den gamle vere for dei kunstnargruppene som erfaringsmessig har størst problem med overgangen til yrkeslivet, mellom anna biletkunstnarar og dansarar.

Kunstnarar med mastergrad eller høgste grad av utdanning innan sitt fagområde skal bli prioritert.

Den gamle ordninga skal utfasast i laupet av 2014.

Kjelde: Kulturdepartementet