Arbeidsoppgåver viktigare enn lønna
Dei aller fleste vil heller ha arbeidsoppgåver dei trivst med, enn høgare lønn, viser ei ny undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Åtte av ti arbeidstakarar i Noreg synest at innhaldet i jobben er viktigare enn lønna, ifølgje undersøkinga som bemanningsselskapet Ranstad har gjort i 29 land rundt om i verda.
Gjennomsnittet for alle landa i undersøkinga er seks av ti.
Mens arbeidstakarane i Danmark og Sverige har same prioriteringa, er det i land som Slovakia, Polen, Storbritannia, Italia og Ungarn at litt fleire set lønna litt høgare. (©NPK)