Fleire nordmenn tek ferien i Norge

Fire av ti nordmenn vel å leggje ferien til Norge.  

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleirtalet av desse er lågtlønte, skriv Nationen.

Trønderar blir i landet
Folk frå Midt- og Nord-Norge reiser aller mest i eige land, medan byborgarar oftare vender snuten mot utlandet. Ifølgje ei undersøking som Sentio har gjort for Nationen, blir kring 40 prosent av oss i Noreg i ferien.

Dei fleste av desse er lågtlønte. Av dei som tener under 200 000 kroner, tek 48 prosent ferien i Noreg. Av dei som tener mellom 200 000 og 400 000 kroner, er talet 50 prosent.

På den andre sida av lønskalaen, tek berre 24 prosent av dei som tener over 800 000 kroner heile ferien i Noreg.

Blant lågtlønte er det også mange som ikkje dreg på ferie. Èin av fem av dei som tener aller minst, seier dei ikkje skal på noko ferie i år. Total seier seks av ti at dei vil feriere i Noreg.

LES OGSÅ: Ting du ikkje bør seie i ferien

Har ikkje råd
Erling Farstad i Transportøkonomisk institutt seier at tala i stor grad skuldast at lågtlønte ikkje har råd til å reise til utlandet. I staden ferierer dei hos slektningar og vener i Noreg.

– Under finanskrisa for nokre år sidan såg vi at fleire nordmenn tok ferien i Noreg. Det syner at når vi slit økonomisk reiser vi innanlands, seier Farstad.

Nordmenn bruker generelt dobbelt så mykje pengar når dei ferierer i byar samanlikna med i distrikta, ifølgje ei undersøking gjort av Transportøkonomisk institutt i 2008.

– Hovedsakleg kjem det av at overnattingsplassane er billigare på lander, seier Farstad.

– I tillegg er friluftsaktivitetar billigare enn mange byaktivitetar, som kino, teater og shopping, seier Farstad.

LES OGSÅ: Hald ferien din for deg sjølv