Wario Waqo Wario (16) fekk seksar på eksamen etter 20 månader i Noreg.

Anita Haugland/Sunnhordland
Anita Haugland/Sunnhordland

Wario Waqo Wario (16) gjekk to år på nomadeskule i Sør-Etiopia. Etter drygt halvtanna år går han ut av ungdomsskulen med 5,2 i karaktersnitt, skriv Bergens Tidende.

To år på skule
Då Wario kom til Stord i oktober 2010, fekk lærarane vita at 14-åringen hadde gått to år på skule og at han kunne vera analfabet. Denne veka gjekk han ut av Stord ungdomsskule som ein av dei beste. Med sju 6'arar, fire 5'arar, ein 4'arar og to 3'arar på vitnemålet. I tillegg fekk han 5 og 6 på eksamen i høvesvis matte og engelsk, skriv bt.no vidare.

Imponert
– For halvtanna år sidan kunne han ikkje eitt ord norsk. No har han til og med fått seks i norsk munnleg, uttaler lærar Britt Kristin Ladehaug til avisa.

Då ho samla heile klasse 10c til avskjedsfest, heldt ho tale der kvar enkelt av dei 29 elevane blei nemnd.

– Wario, du er jo berre heilt Super Mario! sa ho om guten som kom frå nomadeliv i Afrika til flyktningmottaket på Heiane på Stord for 20 månader sidan.

Framtida
Sjølv uttaler Wario at han kanskje vil bli lege eller arkitekt i framtida. Håpet er å starta på vidaregåande skule til hausten, men framtida er usikker sidan familien ikkje har fått svar på asylsøknaden enda.

Les saka i Sunnhordland!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.37
ANNONSE