Vil løyse hjerne-mysterium

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Inne på laboratoriet på Kavli-instituttet i Trondheim står radioen innstilt på NRK Alltid klassisk, høvesvis ganske lavt. Lyset er dempa. Det er roleg føremiddag for rottene.  – Bolla, er du vaken? Går det bra Bolla, spør doktorgradsstudent Nenitha Dagslott (28) og løftar buret til Bolla ned og tek han ut. Held han varsamt inntil seg.

Dagslott har bachelorgrad i psykologi og master i nevrovitenskap. I eit år har ho vore doktorgradsstudent her ved NTNUs Kavli-institutt i Trondheim.

Blant dei aller beste
Forskingssenteret er eit av dei mest anerkjente innan hjerneforsking i verda. I februar i år opna statsminister Jens Stoltenberg det nye laboratoriet. 

Les meir om opninga og NTNUs Norwegian Brain Centre her.

Kavli-instituttet er kjent for å funne fram til såkalla gridceller som kan forklare korleis menneske har stedssans. Stedssansen er noko av det fyrste som vert svekke til dømes hjå Alzheimers-pasientar.

Lurer du på korleis hjernen din er bygd opp og fungerer?  Les antropolog Håkon Fyhn sin teikneserie om Rotta Sniff, laga i samarbeid med mellom anna NTNU og Kavli-fondet.

LES OGSÅ: Vener gjev større gjerne

Spring på jobb
Dagslott har ein handduk over armen når ho tek med seg Bolla inn på forsøksrommet, for å unngå kloring.   

Inn i hovudet har Bolla to sensorar med 32 elektrodar kvar, ein til hjernedelen som heiter hippocampus og ein til hjernedelen som heiter entorhinal cortex.

  – Enthorhinal cortex  er lagar eit tomt GPS-kart over rottas posisjon basert på fart og retning, med lengde – og breddegrader. Gjennom hippocampus får vi informasjon om stadar og landemerke. Plasscellene i hippocampus koplar denne informasjonen til rett posisjon på kartet. Det er til dømes slik eg klarte å kome meg heimafrå og til jobb i dag, forklarer Dagslott. 

I doktorgraden skal ho sjå på korleis ulike område i hjernen behandlar informasjon om rom og miljø som rotta navigerer rundt i. Dagslott skal òg prøve å finne ut om dette systemet i hjernen er medfødt eller om det gradvis utviklar seg jo meir erfaring rotta får.

Vaniljekjeks
Dagslott koplar på to kablar til ”stikkontaktane” på hovudet til Bolla og lar ho springe rundt i ein sirkelforma liten binge. På datamaskinen tikkar hjernesignala inn direkte, berre ei ljostett teppedør unna. Dei signala som gir størst utslag, er celler. Dagslott kan følgje med på 32 ulike kanalar eller elektrodar samstundes. I femten minutt morgon og ettermiddag gjennomfører ho slike forsøk.

– Bra jobba, rosar Dagslott og drysser ned noen vaniljekjeks-smular til Bolla.

– Rottene vert som kollegaer, ein er jo veldig mykje med dei og ein vert glad i dei. 

Store spørsmål
Framleis er det mykje forskarane ikkje veit om hjernen vår.

– Ofte er det dei yngste som stiller dei beste spørsmåla. Nokre skuleelevar som var på besøk hjå oss lurte på kvifor vi draumar når vi søv. Det er det ingen som veit. Sjølv håpar ho å finne ut meir om korleis systema i hjernen fungerer saman. 

LES OGSÅ: Barn kan ete seg smarta på rett feitt

– Korleis er det hjernen vår koder inn alt det vi opplever? Korleis vert det teke vare på og lagra i hjernen vår. Når eg pratar med deg, kva er det som skjer då? Når eg går frå butikken og heim, kva skjer i hjernen då, spør Dagslott. Når ho overvaker Bolla kan ho sjå aktiviteten i einskilde hjerneceller. Hjernen består av fleire billionar hjerneceller, fleire hundretusen av dei kommuniserer samstundes. Men korleis dei ulike hjernesystema snakkar saman, kan ho ikkje sjå.  

Som forskar bør ein vere både veldig nysgjerrig og uthaldande.

– Ein vegleiar fortalte meg at eg måtte vere førebudd på å feile nitti prosent av tida. Difor er det ekstra stort om ein lukkast.