No kan du endeleg kjøpa mjølk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No kjem mjølka på nynorsk

 

No er dei her, mjølkekartongane på nynorsk.

Som Framtida.no først melde i mai, har Tine spurt bøndene som skal pryda mjølkekartongane om kva målform dei vil bruka. Frå midt i juni vil fire nye mjølkebønder pryde mjølkekartongane på Vestlandet. Det er Karin Mo Valland, Lars Henrik Skår, Straumsnes Mjølk og Kjøt og Torill Nina Midtkandal og Johan Øvreeide.

Karin Mo Valland driv mjølkeproduksjon i Norheimsund i Hardanger og vert presentert på TineMjølk Ekstra Lett. På heilmjølk-kartongane vert Lars Henrik Skår frå Mindresunde i Stryn presentert og på lettmjølka Straumsnes Mjølk og Kjøt i Fjaler, ei samdrift mellom tre mjølkeprodusentar. Torill Nina Midtkandal og Johan Øvreeide driv gard på Øvreeide i Stryn og vert presentert på TineMjølk skumma.

Heilmjølkkartongane har bokmål tekst, medan alle dei tre andre er på nynorsk.

LES OGSÅ: Lagar moteklede av mjølk

Frå juni vil desse fire saman med 16 andre mjølkeprodusentar over heile landet fornye TINE sine mjølkekartongar.

Dei nye kartongbøndene i denne omgang vil bli profilert til midten av november. Deretter vil forbrukarane møte endå fleire av TINEs ca 15000 eigarar. Det at folk blir betre kjent med mjølkas opprinnelse vil forhåpentlegvis bidra til å snu utviklinga i mjølkesalet på lengre sikt. Undersøkjingar viser at svært mange nordmenn er stolte over og ønskjer mjølk frå eigen region. Både internasjonale trendar og forbrukarstudier viser at folk vil vite meir om kvar maten dei et kjem frå og kven som har produsert den.