– Massiv overføring av pengar frå fattig til rik

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er elefanten i rommet

Sveinung Rotevatn har fått mykje kritikk for si klare avvising av skattefrådrag av rentekostnader på bustadlån, no sist på torsdag i ein bustadpolitisk debatt på Hotel Bristol i Oslo, men han har òg vore klar på kva han meiner i bloggen sin tidlegare.

Framtida fekk Rotevatn til å svare på nokre spørsmål ikring temaet:

Kvifor ønskjer du at Venstre skal gå inn for å fjerne skatt på bustad?

– Venstre bør gå inn for å fjerne rentefrådraget for bustad- og forbrukslån fordi det bidreg til å blåse opp bustadbobla. Dessutan er det ei usosial ordning, der dei som står utanfor bustadmarknaden må betale låna til dei som står innanfor. Skattesystemet bør oppmode til investering i bedrifter og verdiskaping, ikkje uproduktiv fast eigedom. 

Er du redd for at Venstre tapar stemmer på ein slik politikk?

– Det er alltid risikabelt å lansere nye forslag, og for mange er dette frådraget viktig. Men reforma bør innførast over fleire år, slik at ein får tid til å tilpasse seg, og bør kombinerast med ei senkjing av inntektsskatten – slik at vanlege folk sit att med meir av sine eigne pengar. Politikken vil også bidra til å senkje styringsrenta, samt å dempe veksten i bustadmarknaden, noko som kjem dei aller fleste til gode. 

Les òg: Unge fryktar framtida

Er ikkje heller skatten på formue problemet enn bustadskatten?

– Formuesskatten er definitivt ein del av problemet. Den bidreg også til at mange syltar ned verdiar i fast eigedom, som er taksert langt under reell verdi, slik at dei unngår formuesskatt. Difor bør fjerning av formuesskatten vere ein del av reforma vi foreslår, saman med senkjing av inntektsskatten og nedtrapping av rentefrådraget. 

Les òg: Dei som har, skal få