Hilde Sandvik: – Ikkje van med prisar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg blei voldsomt glad for denne prisen. Er ikkje van med å få prisar, berre med å jobbe, seier ho til å få Kulturdepartementet sin nynorspris for journalistar saman med Katrine Sele i Firda.

LES OGSÅ: Nynorsk journalistpris til Sele og Sandvik

Hilde Sandvik, fødd i 1970, frå Erfjord, Suldal i Ryfylke. Ho skreiv i Suldalsposten frå ho var 14, og selde saker til Rogalands Avis, før ho byrja studere nordisk i Oslo. Sandvik har vore vikar i Vårt land, spaltist i Klassekampen og redaktør i Syn og Segn 2003-06, saman med Marit Eikemo. Sommaren 2005 var ho debattredaktør i Dagbladet, og skreiv nynorsk. Sidan 2006 har ho vore journalist og hatt fleire redaktørjobbar i Bergens Tidende. Sandvik er ein mykje brukt debattleiar og føredragshaldar, og har gjeve ut bøker.

– Kva betyr nynorsken for deg?

– Det er skriftspråket mitt, men óg personlegdomen min, identiteten min, det skinet eg ser verda gjennom. Då eg byrja skrive var det alt for seint å skrive noko anna. Eg valde det aldri, men valde det heller aldri bort.

Klangen i det nynorske hadde etsa seg inn i kroppen min, seier Hilde Sandvik.

Ho veit at ho kan velje vekk nynorsken og skrive bokmål. Ho veit at mange nynorskingar før henne har gjort det, og fått framskotne posisjonar i den rikspressa som framleis ikkje tillet journalistane sine å skrive nynorsk. Om ho sjølv ein dag kjem til å byte skriftspråk er eit hypotetisk spørsmål.

– Nynorsken gjev meg eit utanfråperspektiv som eg er glad i. Han opnar ekstra rom, som eg slepp å leite etter. Det nynorske har også representert noko særskilt i norsk historie. Det er ei historie om den nær utopiske motkulturen som blei så viktig. Motkulturane lever framleis, sjølv om dei er pressa, seier Sandvik.

– Er du optimist for nynorsken sin del?

– Nei, eg er ikkje det. Nynorsken taper terreng. Det gamle slagordet ”Tal dialekt, skriv nynorsk”, held heller ikkje lenger som argument. Nynorsk er i ferd med å bli eit tilbod, ikkje noko naudsynt. I Bergen ser ein korleis bergensmålet breier seg utover strilelandet. Stundom stussar eg også over måten det vert arbeidd på politisk med nynorsken. Diskusjonen etter framlegget om å kutte sidemålsstilen kunne ha vore langt meir nyansert. Det er ei ufordring å halde interessa for nynorsk levande. Samstundes er eg sjeleglad for at nokon orkar å ta den politiske oppgåva det er for å leggje grunn for at skriftspråket framleis skal utvikle seg og vere sterkt.

– Held nynorsk på å bli eit elitespråk?

– Det er i alle høve ikkje språket til dei som reknar seg som eliten. Men det er dei som har eit språkleg medvit, som held språket levande. Kanskje kan ein kalle det ein språkleg medviten elite.

– Eit stort ansvar på få?

– Ja, kanskje det. Men utan at dei medvitne nynorskbrukarane står på for nynorsken vert han avvikla. Bergen by burde teke større ansvar for den nynorske kulturen, fordi han har ei så sterk forankring her på Vestlandet. Men både Bergen og Stavanger har insistert på å vere bokmålsbyar, samstundes som dei gjerne vil vere alternativ til Oslo. Dei har forsømt seg. No er det viktige stemmer i Bergen som har byrja å røre på seg, som har sett at det nynorske er vesentleg for byen og omlandet. Det er spennande. Det er til dømes ikkje opplagt at dei viktigaste nynorskinstitusjonane skal ligge i Oslo.

Som journalist og kommentator likar eg å bevege meg fritt og uhemma, men eg har óg eit ansvar. Eg opplever stadig sterkare at nynorsken gjev meg dette viktige utanfråperspektivet ein også treng i norsk debatt.

– Kva gjer bruken av sosiale media med nynorsken?

– Eg trur bruken av sosiale media bryt ned ein del av ein tillært motstand. Eg har også registrert at journalistar som elles skriv bokmål gjerne skriv nynorsk i sosiale medium, men også i nettavisene. I tillegg er fleire av dei fremste nynorskforfattarane og skribentane sterkt til stades i nettverda. Eg er sikker på at dersom ein blir ein eksponert for god nynorsk, vil også motførestillingane rakne.

– I kjølvatnet av Kristin Halvorsen sitt utspel om nynorsk som sidemål skreiv du kommentaren ”Kjærleikens sørgereise” i BT. Kva reaksjonar fekk du?

– ”Sånn har eg det óg!” var reaksjonen, også frå særs uventa hald. Det var eigentleg ganske banalt det eg skreiv, men eg prøvde å sette ord på kor sårt det også kan opplevast å måtte kjempe for å bruke si eiga røyst, og kva skjer når ein er nær ved å resignere? Eg fekk meldingar frå folk som tidlegare hadde bytt som hadde byrja skrive nynorsk att og bokmålsfolk som melde seg inn i Mållaget. Kommentaren trefte eitkvart, kanskje særleg fordi han hadde det bakteppet han hadde.