Ein skule for framtida

Anita Svendheim
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Politikarane seier dei arbeider for ein framtidsretta skule, men det trur eg ikkje før eg får sjå det.

Er det ikkje rart at den norske skulen på mange måtar er utdatert til tross for politikarane sine stadig nye læreplanar, målkriterium og eksamensformar? Planar som med fire års mellomrom blir trekt nedover elevar og lærarar sine hovud, til stor frustrasjon og lita forandring. Planar som byggjer på ein tankegang som sender undervisninga meir i feil retning enn noko anna. Dei ynskjer å skape sekserstudenten – ei undervisningsform der ein heile tida fokuserer på sluttresultatet , noko som skadar sjølve prosessen. Ein treng ikkje endre meir på rammene, ein må ta til på innhaldet. Politikarane har kanskje tru på at abstrakte ord på standardiserte dokument vil få elevane til å yte etter beste evne, men det trur eg ikkje før eg får sjå det.

Er det ikkje rart at ein i 2012 skal bruke tid og ressursar på å lære elevane korleis ein lagar råkostsalat? Ein lev i ei verd der det tek ein der det tek eit sekund å hente opp Matprat med over 200 salatoppskrifter, men likevel skal ein bruke timar på å vise eleven korleis han på best måte skil gulrotskal frå gulrøter. ”Kunst og handverk”, ”mat og helse” og ”musikk” burde alle fått sin plass under skulefaget ”historie”. I dagens spesialiserte samfunn treng ein ikkje lære opp husmødrer til å brodere puter til heimen, det gjer Bohus for oss. Ein treng ikkje lære menn opp til å koke poteter, det likestilte samfunnet vil sørgje for at denne læra blir tvinga på dei anten dei vil det eller ikkje. Alle treng ikkje å vite korleis ein spelar nasjonalsongen på blokkfløyte. Eg seier ikkje at desse mjuke faga ikkje bringer nyttig kunnskap – eg seier at ein må skilje mellom kva som er skulen sitt ansvar og kva som er heimen sitt ansvar. Ein må skilje mellom kva som er allmennkunnskap og kva som spelar på enkeltindivids interesser. Politikarane trur kanskje at elevane er betre førebudd på vaksenlivet når dei veit kor lenge ei skillingsbolle skal steikast, men det trur eg ikkje før eg får sjå det.

Er det ikkje rart skulen som skal førebu borna på vaksenlivet ikkje har opplæring i sosiale ferdigheiter? Ein kan kunne akkusativpreposisjonar på rams og gangetabellen baklengs, men dersom ein ikkje veit korleis ein skal ordlegge seg i ulike situasjonar er ikkje tysk grammatikk og gode matematiske evner mykje verd. Den framtidsretta eleven treng opplæring i fag som ”kommunikasjon”, ”nettverksbygging” og ”teknologi”. Med dagleg kontakt med personar frå ulike verdsdelar og kulturar har det aldri vore viktigare å vera klar over fordeler og ulemper ved eksponering av seg sjølve på internett og i samfunnet. Ein treng å vite korleis ein skal knytte til seg kontaktar på Facebook, ein treng og vite korleis ein kan spreie nye idear via Twitter og ein treng å vite korleis ein skal tre fram i det stadig ekspanderande samfunnet. Politikarane trur kanskje at lærarar som så vidt kan skru på ein skriftkastar kan bidra til dette, men det trur eg ikkje før eg får sjå det.

Er det ikkje rart at skulen har blitt så fokusert på kunnskapens verdi når alle i dag er vandrande bibliotek i form av smarttelefonar? Skulen oppmuntrar eleven til å gjengi ordrett kva som står i pensum under ei prøve og å gje læraren akkurat det han vil ha, ikkje til å still spørsmål til boka og å utfordra andre sine meiningar. Skulen vektlegg det som så fint blir kalla grunnleggjande ferdigheitar, noko som har blitt definert som lesing, skriving, mattematikk og naturvitskap, når den skulle ha verdsett alle aspekt av eit individ sin utvikling som eigen personlegdom, kreativitet, moral, kunnskap og ferdigheiter. Eg trur ikkje er den eleven som kan Fader Vår utanåt som vil koma lengst, det er det eleven som veit å skilje ut nyttig informasjon som vil. Politikarane trur kanskje at PISA-undersøkinga målar det som er viktigast, men det trur eg ikkje før eg får sjå det.

Er det ikkje rart ein i Noreg er så fokusert på standardisering og konsekvensmålingar at ein gløymer den individuelle eleven? Er det ikkje rart at ein er så redd for å gje slepp på utdaterte fag? Er det ikkje rart at ein ikkje prioriterer eit høgt teknologisk kunnskapsnivå i skulen? Er det ikkje rart at pugging av reglar framleis blir sett framfor kreativ tenking? Politikarane arbeider stadig med moderniseringa av den norske skulen og mitt håp er at dei ein dag vil sjå verdien i den ressurssterke eleven framfor den kunnskapsrike, men eg trur det ikkje før eg får sjå det.