Genetikk avgjer kor einsam du er

Kor åleine i verda unge menneske kjenner seg er ikkje avhengig av kor mange dei har ikring seg, men er knytta til genetikk.

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 28.11.2017 09:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Alle har ei oppleving av i kva grad dei er einsame, og nokre følar seg meir einsame enn andre – uavhengig av miljøet og kor mange dei har rundt seg, seier forskar Trine Waaktaar til forskning.no

Saman med forskar Svenn Torgersen undersøkte ho kva som kan forklare skilnaden.

1394 tvillingpar i alderen 12 til 18 år deltok i undersøkinga, og data vart samla inn frå mødre, fedre og tvillingane sjølve ved hjelp av eit spørreskjema.

75 prosent genetikk

Ved å følgje tvillingar – både einegga og toegga – kunne forskarane finne ut om det å kjenne seg einsam gjekk etter genetiske strukturar eller om det tok andre vegar. Einegga tvillingar er genetisk like, medan toeggede ikkje er meir like enn vanlege biologiske sysken.

– Vi finn at 75 prosent av skilnaden på korleis folk opplever det å vere einsam kan forklarast med gen. 25 prosent kan tilskrivast miljøet, men ikkje familien.

Å kjenne seg einsam er eit utbreitt problem for unge. Mange unge drøymer om ei idealisert ungdomstid der ein skapar nære relasjonar utanfor kjernefamilien.

– Vener er særleg viktige i denne perioden, meiner Waaktaar.

Les òg: Stadig yngre opplever press
Ikkje kjønnsskilnader

Å kjenne seg einsam heng ofte saman med depresjon, men det er uklart kva som følgjer av kva; kjem depresjonen av at ein er einsam eller omvendt?

Og sjølv om depresjon oftare rammar jenter enn gutar, fann ikkje forskarane kjønnsforskjeller i studien sin.

Les òg: Klikkar oss sjuke