Føreslår stemmerett for 16-åringar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil opna for 16-åringar

– SV vil senkje stemmerettsalderen både for stortingsval og lokalval til 16 år, seier stortingsrepresentant Snorre Valen til Dagsavisen i dag.

Han vil no fremja eit grunnlovsforslag om å endra stemmerettsalderen.

– 16-åringar er over kriminell- og seksuell lågalder. Dei har rett til å velja politisk og religiøs ståstad, rett til sjølvbestemt abort og rett til å samtykke eller nekta å motta helsehjelp, seier Valen.

Meir demokrati i praksis
Snorre Valen meiner at 16 års stemmerett gjev meir demokrati i praksis og er lei av argumentasjonen om kor modne 16-åringane er. Han meiner at erfaringane frå forsøket med stemmerett for 16-åringar i 20 kommunar sist kommuneval tilseier at Noreg er klar.

LES OGSÅ: Utvida demokrati gav auka valdeltaking

– Eg trur ansvar gir nettopp modenheit. Med 16-årig stemmerett er det fleire som lærer seg å bruka stemmeretten tidleg og fleire som kan visa meininga i eit velorganisert, stemmebasert demokrati. No har vi gjennomført eit forsøk som viser at 16-åringar bruker stemmeretten i større grad enn 18-åringar, seier Valen.

Valen er overtydd om at representantar frå alle parti vil stemma for forslaget.

– Dei som er mot har eit forklaringsproblem. I dag har senile og umyndiggjorte stemmerettar, og då burde også 16-åringar, som både har pliktar og rettar, kunne delta i demokratiet. Bevisbyrden ligg hos dei som ikkje vil la 16-åringar delta i demokratiet. Det skal tunge grunnar til for å nekta menneske å vera med å bestemma, seier han.

LES OGSÅ: Er grensa på 18 år ei katastrofe?

Har skifta meining
Utanom SV er det berre Venstre som har programfesta stemmerett for 16-åringar.

Til Framtida.no tidlegare i år, sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) at ho har skifta meining og no er for stemmerett for 16-åringar. Partiet hennar har likevel ikkje tatt stilling til saka enno. Ingen av dei andre partia har vedtak på lågare stemmerett enn 18 år, men ifølgje Dagsavisen vil spørsmålet bli tatt opp på landsmøtet til AUF til hausten.

– Det er viktig å ta denne debatten, seier AUF-leiar Eskil Pedersen til avisa.

Er det på tide at 16-åringar også får lov til å stemma? Diskutèr i kommentarfeltet!