Landsmøtet til Foreningen Norden oppfordrar TV-kanalar om ikkje å dubbe program som opphavleg har svensk og dansk tale.

mm

–  Landsmøtet til Foreningen Norden har merkt seg at NRK og har teke i bruk dubbing av TV-program der talespråket er svensk eller dansk. Språkforståinga blant ungdom når det gjeld språka til nabolanda, er diverre blitt dårlegare. Norden som ein felles kulturell arena vil bli svekkja. Dei skandinaviske språka vil bli mindre attraktive då ein vil velja engelsk å kommunisere på. Det er òg grunn til å tru at ein slik utvikling på lengre sikt vil svekkja Norden som felles arbeidsmarknad, heiter det i ein resolusjon frå landsmøtet til Foreningen Norden på søndag.

Foreininga viser til undersøkingar som viser at norske ungdomar saman med unge frå Færøyene forstår språka til nabolanda best.

QUIZ: Förstår du vad jag säger?

– I Noreg har me blant anna forklart dette med at ein har hatt god tilgjenge til svensk TV. Norske born og ungdomar har blitt meir fortrulege med svensk språk og det har ført til ein meir positiv haldning til andre nordiske språk. Å skape ei positiv haldning til språka til nabolanda er ein føresetnad for at ein vel å bruke morsmålet i kommunikasjon med andre frå Norden.

LES OGSÅ: Reagerer på dubbing av nordisk barne-tv

– Å dubbe svensk og dansk har fleire uheldige sider. Språka til nabolanda vil bli definert som framandspråk på lik linje med andre framandspråk, og ein vil i endå mindre grad bli kjent med og fortruleg med svensk og dansk, heiter det vidare i resolusjonen.

Landsmøtet ber NRK og TV 2 om ikkje å dubbe TV-program som opphavleg har svensk og dansk tale. Dei tilrår å bruke teksting der dette er naudsynt.

Teksting er for dei aller fleste ein god måte å bli kjent med ord som ein ikkje kjenner frå sitt eige morsmål, heiter det.

Sjå video av den nordiske animasjonsserien Legenden om Enyo under (på svensk). Denne serien er dubba til norsk på NRK Super:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.36

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE