Med klem skal målet kvelast

Vebjørn Sture
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I førre veke publiserte Utdanningsdirektoratet eit førebels utkast til ny læreplan i norsk. Utkastet frå direktoratet føreslår at:

• elevane skal framleis ikkje læra sidemål før i niande klasse. Tidleg sidemålsoppstart, slik dei mellom anna gjer på Våland i Stavanger, er ignorert i utkastet.

• elevane skal ikkje ha sidemål på VG3. Dei får med andre ord eitt år kortare tid til å verta flinke i sidemålet sitt, og «innspurten» skal vera i det hektiske VG2-året, som berre har 112 norsktimar, mot 168 på VG3.

• det skal stillast ulike kompetansemål til hovud- og sidemål. Enkelt forklart: Elevane skal kunna hovudmålet sitt skikkeleg, men ikkje sidemålet.

Etter at sidemåls- og norskfagsdebatten braka laus i vinter, har mellom andre Kristin Halvorsen vore ivrig etter å visa omsorg for nynorskelevane. Mange av dei byter til bokmål, og dette skal altså bøtast på ved å «tona ned» sidemålsopplæringa. Tankerekkja er at om nynorskelevane får «reindyrka» hovudmålet sitt, kan dei lettare kan halda på det.

Verda er diverre ikkje så enkel. Ei undersøking gjort for Utdanningsdirektoratet i 2006, viser at nynorskelevar får mykje mindre sidemålsundervisning enn bokmålselevar. Det er med andre ord ikkje så mykje sidemål å kutta for nynorskelevane. At dei likevel lærer sidemålet sitt, handlar om at bokmålet dominerer utanfor klasserommet. Heilt frå nynorskelevane er små, vert dei pepra med bokmålsbarnebøker, bokmålssongar, og bokmåls-barne-TV.

For bokmålselevane sin del, er saka ganske annleis. Dei får i utgangspunktet ikkje sett, møtt eller brukt nok nynorsk til å læra det skikkeleg. Noko som igjen avlar den frustrasjonen som kjem for dagen frå tid til annan – i ytste potens som reint nynorskhat. Nedgradering av sidemålet hjelper fint lite på dette, då det ikkje er noko anna enn å tilpassa kompetansemåla til eit framhald av dagens dysfunksjonelle praksis.

Med andre ord: Dei føreslegne nedgraderingane av sidemålsopplæringa vil i praksis innebera at bokmålselevar framleis lærer nynorsk dårleg. Likeins vil dei også føra til eit framhald av dei dårlege haldningane som ein del bokmålselevar har til nynorsk, noko som i neste rekkje går utover nynorskens status, og til sjuande og sist hevar terskelen for å halda på nynorsk som hovudmål.

Endå verre er det at svekkinga av kompetansemåla i sidemål vil gjera det lønsamt for mange nynorskelevar å byta til bokmål. Grunna det nemnde bokmålshegemoniet, er mange nynorskelevar vel så flinke i bokmål som i nynorsk. Dersom det skal stillast ulike krav i hovud- og sidemål, vil mange nynorskelevar skåra betre reint karaktermessig på å byta til bokmål.

For å seia det rett ut: Differensierte kompetansemål vil i praksis vera statlege incentiv mot nynorsk som hovudmål. Det rimar dårleg med kunnskapsministeren Halvorsens uttrykte uro for nynorsken si framtid som hovudmål. Ei klam omfamning hjelper lite om ho klemmer lufta ut av nynorskelevane.