Håvar inn på privat utdanning

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg synest vi betalar mykje. Det er veldig dyrt å gå her. Men eg føler òg at eg får mykje att. Førelesarane er flinke, og vi får veldig god kontakt med næringslivet gjennom studia, seier Amanda Tomren, som tek bachelor i økonomi og administrasjon på BI.

Ho betalar i dag ikring 57 000 kroner i året for å studere ved handelshøgskolen, noko som er ca 30 prosent meir enn det kosta i 2005.

Ein gjennomgang Universitas har gjort av fleire sentrale studium ved dei største private høgskulane i Oslo viser nemleg at det jamt over har vorte langt dyrare å ta privat utdanning dei siste sju åra.

Westerdals er blant høgskulane med høgast vekst. Akkurat som olje blir òg kreativitet stadig dyrare. I 2005 kosta ein bachelor i Art Direction 48 500 kroner. Same studie kostar i dag 64 000 kroner, noko som er ca 8500 kroner meir enn kva det ville kosta om prisane hadde følgt konsumprisindeksen.

Store overskot
Samstundes som skulepengene har auka har privat utdanning òg vorte betrakteleg meir lønsamt i same periode. Ein kikk i rekneskapane til tre av dei største aktørane – Handelshøgskolen BI, Anthon B. Nilsen Utdanning og Campus Kristiania – viser ei kraftig vekst i både omsetnad og resultat sidan 2005.

Giganten BI har auka den totale omsetnaden sin frå 900 millionar kroner til 1,3 milliardar kroner. Campus Kristiania har på si side gått frå raude tall til solide millionoverskot frå 2005 til i dag.

Anthon B. Nilsen Utdanning hadde eit knallår i fjor. Med 651 millionar kroner i omsetnad tente dei ti prosent meir enn året før.

Både Campus Kristiania og Handelshøgskolen BI er organisert som stiftingar, noko som tyder at dei ikkje har lov til å gjere profitt på utdanninga. Anthon B. Nilsen er eit aksjeselskap, men har ikkje løyve til å ta utbytte av skulane som får statsstøtte. Alt overskot skal gå til vidare drift av skulane.

Burde kutte skulepengar
Men sett i ljos av dei auka skuleavgiftene, er dei store overskota likevel problematiske, ifølgje Kim Kantardjiev, leiar for Norsk Studentorganisasjon (NSO).

– Overskotet burde heller kome studentane til gode gjennom lågare studieavgifter. Studieavgifta er ikkje der for å skape overskot. Eg ser inga årsak til at det ikkje burde reflekterast i lågare studieavgifter når ein får stadig større overskot, seier Kantardjiev.

Les òg: Løna veks meir enn studiestøtta

Får meir studielån
Auka studieavgifter tyder òg meir studielån for studentane.

I skuleåret 2011/2012 tok studentane ved private høgskular i snitt opp 113 000 kroner i studielån – dryge 30 000 kroner meir enn studentane ved offentlege skular, ifølgje tall frå Lånekassen.

BI-studenten Amanda låner sjølv pengar for dekke studieavgiftene. Ho synest lånet er høgt.

– Men eg håpar og trur det blir verd det når eg ferdig med utdanninga. Eg hadde ikkje gått her om eg ikkje hadde trudd det, seier ho.

Amanda får støtte av studentleiar Kantardjiev i at lånebyrda er for stor for «private» studentar.

– Eg meiner at dette er eit ansvar som institusjonane bør vere seg medvite. Studentane betalar allereie mykje, seier han.

– Det er òg verd å merke seg at det er stor skilnad på dei private skulane. BI og Campus Kristiania tek til dømes mykje meir i studieavgift enn Menighetsfakultetet, legg han til.

Les òg: Høgare utdanning heng etter

Syner til lønsvekst
Økonomidirektør ved BI, Marius Eriksen, avviser at det er dei auka studieavgiftene som er årsaka til dei store overskota til skulen. Han meiner heller det er på grunn av veksta i talet på studentar.

– I kombinasjon med ein særs god kostnadskontroll forklarar dette resultatutviklinga, skriv han i e-post til Universitas.

Han skriv òg at det er auka kostnader, og då særleg lønnskostnader, som er årsaka til at dei har fått høgare studieavgifter. I tillegg framhevar han at dei ikkje berre må ta høgd for konsumprisindeksen, men òg lønsveksta i samfunnet, som ifølgje Eriksen var 28 prosent frå 2006 til 2011.

Òg økonomidirektør i Campus Kristiania, Pål Nakken, meiner at det er lønsveksta som har skulda for dei auka avgiftene.

– I og med at lønsoppgjeret i samfunnet forresten er høgare enn konsumprisindeksen, vil studieavgifta òg ha ein høgare vekst, seier Nakken.

Westerdal-rektor Tom Kvisle seier på si side at det er dei nye høgskulekrava som skulen må forhalde seg til som er årsaka.

– Det har tydd at studiekvaliteten har vorte betydeleg betre, og det gjeld ikkje berre på lærarsida, men òg når det kjem til utstyr og drift, seier Kvisle.

Les saka i Universitas!