Vil stengje mobbeskular
Barneombod Reidar Hjermann slår fast at skulane ikkje har klart å stoppe mobbinga, og meiner at staten må kunne stengje eller bøteleggje dei verste.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Staten har ikkje dei verkemidla som skal til for å sikre elevane eit godt skulemiljø. Vi har per i dag eit lovverk som gir rettar, men ingen garantiar for at rettane blir innfridde. Ei slik lov er lite verd for elevane, seier barneombod Reidar Hjermann til Stavanger Aftenblad.
Fredag sender han ei bekymringsmelding til Kunnskapsdepartementet og statsråd Kristin Halvorsen (SV) om krenkingane av barn i den norske grunnskulen.
– Vi krev at staten ved Kunnskapsdepartementet set i verk dei nødvendige tiltaka for å sikre at elvane får dei rettane dei har krav på, seier Hjermann.
LES OGSÅ: Barneombodet vil sparke rektorar
Han foreslår mellom anna at dei skulane som bryt lova, må kunne stillast til ansvar, og at Fylkesmannen må kunne sanksjonere mot dei. Barneombodet vil ha reglar som gir rett til å stengje skular som er miljøskadelege for elevane. (©NPK)
Kva meiner du er det viktigaste ein kan gjera i kampen mot mobbing?